Hopp til innhold

Den nye husmorbølgja

Alexandra er 23 år, firebarnsmor og sjølverklært husmor på Jæren. Ho er ein del av den nye husmorbølgja i landet, ifølgje husmorekspertisen.

– Det er ei tid for alt. Akkurat nå er det tid for å vera husmor. Då er det eg som har ansvar for å ta meg av dei daglege gjeremåla, seier Alexandra (23).

  • Sjå dokumentaren «Husmorliv» nedst i artikkelen

Den unge firebarnsmora har tatt pause frå økonomistudiane for å vera husmor på heiltid. Eit liv langt frå det vanlege for ei ung kvinne på 23 år i Norge i dag.

– Eg prøver å vera ein livsnytar og set pris på å leva i den situasjonen eg er i nå. Men ting kan forandra seg. Eg er trur ikkje eg vil vera husmor for alltid, seier den godt etablerte 23-åringen frå Nærbø på Jæren i Rogaland.

Ho tek gjerne fram symaskina ein føremiddag. På dagtid kan det gjerne bli tid til både safting og sylting. Og når middagen skal serverast til mannen på ettermiddagen, bør den helst vera lagd frå botn av.

Det er ei tid for alt. Akkurat nå er det tid for å vera husmor.

Alexandra (23)

Den nye husmorbølgja

Det kan minna om eit liv henta frå ideala på 1950-talet, men er blitt ein realitet for stadig fleire norske kvinner i dag.

Hilde Danielsen

Hilde Danielsen, kulturforskar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Hilde Danielsen er kulturforskar ved Uni Rokkansenteret i Bergen. Ho kjenner godt til husmora sin glansperiode i norsk historie, og seier det på ny er blitt trendy å vera husmor.

– I det siste har det vakse fram ei ny husmorbølgje. Ordet husmor har blitt trendy og kult. Berre for ti år sidan var det heilt bakpå å vera husmor, seier ho.

Men dagens husmødrer er ikkje heilt like som 50-talshusmora.

– Me lever i eit heilt anna samfunn, slik at husmorrolla blir på ein heilt anna måte. Mitt inntrykk er at dei som definerer seg som husmødrer i dag er det for ein kort periode og at dei driv på med andre prosjekt samtidig.

Ordet husmor har blitt trendy, kult og sexy.

Hilde Danielsen, kulturforskar

Ikkje alltid graset er grønare

Slik er det for den unge husmora på Jæren også. Men akkurat nå ser ho ikkje føre seg eit anna liv.

– Eg tenkjer mange gonger at det kunne vore fint å ha fridom til å ta ein halvtime sol eller ein time på treningssenteret. Men det er aktivitetar som må prioriterast det òg. I dag prioriterer eg andre ting, seier Alexandre, og legg til:

– Og så er det gjerne slik at folk tenkjer at graset er grønare på andre sida. Dei som går på arbeid tenkjer kanskje at eit heimeverande liv må vera heilt fantastisk. Å gå rundt i heimen og ha tid til husarbeid.

Husmorliv

Det blir gjerne litt «multitasking» for å få tida til å strekkja til i heimen. Her rullar Alexandra komler med hendene, mens ho voggar minstemann med beina.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Kva er ei god husmor?

Lukta av heimelaga gjærbakst, grønsåpe og plystring frå kjøkkenet. Assosiasjonane er mange til til ordet «husmor». Her er svara til fem på gata på kva som er ei god husmor.

Reidar Reime: – Det er ei som kan laga god middag og god kveldsmat. Pannemat om kvelden er godt.

Terese Furnes: – Du skal i grunnen berre ha alt på stell heile tida og vera perfekt.

Gunnlaug Høyland: – Det er ei som både kan luka i beda ute og som er inne i fjøset og mjølkar kyrne.

Marit Rudi Jørgensen: – Ho vaskar og er god med barna og mannen.

Vilhelm Apeland: – Eg veit ikkje om det finst husmødrer lenger. Mange arbeider meir ute enn heime i huset i dag.

Haley Shea: – Eg for min del kunne aldri tenkt meg og vore ei husmor. Eg vil helst vera ute og tena pengane mine sjølv eg.

Kva er ei Husmor?

Fem på gata om ordet «husmor». Oppe frå venstre: Trine Sherling, Reidar Reime, Haley Shea, Gunnlaug Høyland, Terese Furnes og Marit Rudi Jørgensen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Husmorepoka

Det som blir kalla for husmorepoka i norsk historie var ein periode som varte frå om lag 1900 til 1960, med ein topp på 1950-talet.

På den tida var det status å vera husmor i arbeidarklassa. Kvinna hadde hovudansvaret for hus og heim og mannen var i jobb og sørgja for pengar til hushaldninga.

Staten oppretta eigne skular for husmødrene, husmorskulane, der kvinner fekk praktisk kunnskap om matlaging og husstell – men også lærdom om kva som var den rette innstillinga til livet.

– Det viste seg at dette var eit veldig skjørt forsørgjarsystem. Kvinnene var heilt avhengige av mannen. Dersom han drakk eller var egoistisk, blei det ikkje pengar i kassa. Då stod du der på bar bakke, seier Danielsen.

Kvinnene ville skaffa seg utdanning, koma seg ut i jobb og klara seg sjølve. Gjennom kvinnekampen på 1970-talet klarte dei det og blei økonomisk sjølvstendige.

Husmorskule

Før i tida var det vanleg å gå på husmorskule.

Foto: NRK

– Eg elskar å laga mat

Mia Kristiansen (78) frå Stavanger var ung i ei tid då det var langt meir vanleg å vera husmor enn i dag. I over 50 år har ho servert mannen middag, kvar einaste dag.

– Eg elskar å lag mat. Det er rett og slett det kjekkaste eg veit, smiler ho.

Ho har også stått i vanleg arbeid, men då ho blei mor var ho klar på at ho ville vera heimeverande.

– Etter at sonen min blei fødd, klarte me oss på løna til mannen min. Me hadde 125 kroner i veka å leva for og kunne ha god middag kvar dag.

– Kva med dei unge i dag, er dei flinke til å laga middag?

– Når eg ser på dei unge i dag som kjem heim frå jobb med pizzaøskjer, spør eg om dei kallar det middag. Svaret har eg sjølv, frosenpizza er ikkje middag.

Eg elskar å lag mat!

Mia Kristiansen
Mia Kristiansen

Mia Kristiansen (78) frå Stavanger elskar å laga mat. – Eg kallar meg husmor, seier ho.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Umogleg å spå framtida

23 år gamle Alexadra på Nærbø står over komlegrytene på kjøkkenet. Middagen skal vera klar til mannen kjem frå jobb.

– Eg tenkjer ikkje at dette livet går ut over meg sjølv og mine eigne karrieremål. Og for meg hadde det vore ganske unaturleg med hushjelp. Eg blir tilfredsstilt ved å klara oppgåvene i heimen sjølv.

Husmora har hatt si glanstid i norsk historie. Men dei stolte tradisjonane lever vidare, om enn i moderne drakt.

Kva retning husmortradisjonen tar i framtida er vanskeleg å seia, sjølv for ekspertane.

– Det er heilt umogleg å spå om framtida. Uansett ønskjer kvar generasjon å laga sine ideal og draumar om kva som er eit godt liv, seier kulturforskar Hilde Danielsen.

Det var etterkrigsåra som var husmødrene sine tiår. Men også i vår tid finn vi den tradisjonelle husmora, også blant dei heilt unge.

Husmorliv