Det var ein stor dag på Øyane sjukeheim på Hundvåg i dag. Som første sjukeheim i landet fekk dei sin eigen mosjonspark for eldre.
– Eg er berre 94 år, det er ingen alder i dag, seier Arthur Langerud, ein av dei som bur på Øyane sjukeheim, og som i dag fekk testa det nye treningsutstyret.
Ideen er henta frå Danmark, som igjen har latt seg inspirera av liknande parkar i Kina. I tre har det blitt bygd ulike apparat som skal hjelpa eldre til å få ei betre helse.
- Les òg:
- Les òg:
– Parken er bygd ut frå ein idé om at det er sunt å koma ut i frisk luft, det er sunt å vera i naturlege omgjevnader og det er sunt med samhald her ute på plassen, seier Birthe Kofoed, frå Sunnhed og livsmod i Danmark.
Ragnar Bergesen fekk det ærefulle oppdraget av å opna parken, og han trur det vil bli ein suksess.
– Det er ei stor glede for oss alle å få eit slikt treningstilbod. Det gjer betre helse, og det er ein del av livet, seier Bergesen til NRK.
Arthur Langerud (t.h.) og Mikal Johnsen meiner at alder ikkje er eit hinder for trening.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK