Hopp til innhold

Demonstrerte mot bombing av Gaza

Klokka 14.00 demonstrerte over 300 menneske mot bombinga av Gaza. - Me kan ikkje akseptera det som skjer, seier medlem Abed Keadana

Demonstrasjonstog i Stavanger
Foto: Vidar Eidhammer

Demonstrasjonstoget i Stavanger gjekk frå Domkirkeplassen, rundt Skagenkaien via Jorenholmen og opp att til Domkirkeplassen.

Det blei ropt slagord mot Israel og for Palestina.

Nøgde med oppmøtet

Det er den Palestinske foreninga i Rogaland som har tatt initiativ til demonstrasjonen. Den blei planlagt i løpet av nokre hektiske timar laurdag, leiar Loai Deeb var nøgd med oppmøtet:

- Eg er veldig glad for at så mange møtte opp på kort varsel. Eg er óg veldig glad for at det var representantar frå politiske parti her, sier Deeb.

Saka held fram under biletet.

Odd Kristian Reme i demonstrasjontog

Odd Kristian Reme frå Arbeidarpartiet (t.v.) var med i toget. Han hadde óg ein appell.

Foto: Vidar Eidhammer

Appellar

Etter demonstrasjontoget var det tid for appellar på Domkirkeplassen. Der tala mellom anna representantar for den palestinske foreininga, ein imam og Odd Kristian Reme frå Arbeidarpartiet.

- Det er sånn at dette er blitt ein vane for meg. Palestina opplever stadig nye okkupasjonar og katastrofer, og okkupasjonen berre forsterkar seg. Eg er her for å markera min avsky mot krigshandlingane dei siste dagane i Gaza, seier Reme.

Saka held fram under biletet.

Appell på Domkirkeplassen

Det blei halde appellar på Domkirkeplassen etter demonstrasjonstoget.

Foto: Vidar Eidhammer

Mange medlemmar

Den palistinske foreininga i Rogaland blei stifta for fem års sidan og har i dag 150 medlemmar. I utgangspunktet er det ei sosial forening som arrangerer sosiale samankomstar og markeringar ved høgtider. Men nå vil foreninga også markera ståstad i forhold til hendingane i Gaza.

- Den sivile befolkninga blir ramma. Nærmare 300 er drepne og opp mot 900 er skadde. Det er uakseptabelt og me må reagera, seier medlem Abed Keadana i Den Palestinske Foreningen i Rogaland.