Demonstrerte for bompengar: Då blei det bråk

Stygge ord hagla då demonstrantar for og imot bompengar møtte opp til duell på Jæren.

Ordførar ber demonstrantar gå heim

Hissig stemning: Ordførar, Reinert Kverneland, ber motdemonstrantar om å gå heim.

– Eg trur ikkje det er nokon andre stader i Noreg ein har demonstrert for bompengar, seier ordførar i Time kommune, Reinart Kverneland.

Kring 40 innbyggarar møtte opp for å gå bak fana «Trafikken drep bygda vår» i Time kommune.

Årsaka til demonstrasjonen for bompengar, er at politikarane i Time og Klepp kommune har snudd i saka om å sette opp sju nye bomstasjonar. Inntektene frå bomstasjonane skulle gå til nye vegar i kommunen.

– Situasjonane i dag er at det går rundt 10.000 køyretøy gjennom bygda vår kvar dag. Viss me ikkje får bomstasjonar, som opnar opp for finansiering av omkøyringsveg, sit me i klisteret i 10–20 år til, seier Svein Hjertås.

bomstrid

Svein Hjertås (t.h) i møte motdemonstrantar frå Nok er nok.

Foto: NRK

Samstundes som innbyggarane demonstrerte for bompengar møtte personar frå aksjonsgruppa Nok er nok opp til ein motdemonstrasjon.

Då steig temperaturen.

Stygge ord hagla att og fram mellom dei to gruppene.

Ordføraren, som demonstrerte med dei som var for bompengar, vart så irritert på motdemonstrantane at han bad dei reisa heim.

– Er det de eller me som bur her? De er ikkje ønska her. Dra dykk heim, ropte ordføraren til motdemonstrantane.

– «Yrkesdemonstrantar»

Ordføraren reagerte på at deltakarane frå Nok er nok, ikkje kom ifrå Time eller Klepp kommune.

– Når det stiller opp «yrkesdemonstrantar» her. Med berre ein person får bygda vår. Resten frå Sandnes og Stavanger. Synest eg ikkje at det bør vera her.

Ordføraren legg til:

– Me er ikkje glad i bompengar, men me ser ingen andre måtar me kan få pengar inn til ny og trafikksikker skuleveg for eksempel.

Møttes til duell

Bryst til bryst: Politiet var på plass under demonstrasjonen i dag.

Foto: NRK

Nok er nok seier på si side at dei var der for å dela kunnskap.

– Me er for å læra opp dei som ønskjer bomstasjonar. Me er ikkje imot at dei får ny veg, me er imot at den skal finansierast med bompengar, seier Øyvind Aske i Nok er nok.

Etter demonstrasjonane var over og situasjonen roa seg, innrømmer ordføraren at han lét seg riva med.

–Du bad dei om å reisa heim?

Ja, eg synest dei kan demonstrere andre stader. Men dei skal få lov å vera her. Eg respekterer det, sluttar Reinert Kverneland.