DEMONSTRASJON MOT BARNEVERNET:
Fleire møtte opp for å demonstrera mot barnevernet i Haugesund i dag. Det blir no demonstrert i 20 land mot norsk barnevern. Ei sak frå Sunnfjord der fem born vart tekne ut av heimen, er opphavet til aksjonane, som på førehand blir kalla ein «D-dag» mot norsk barnevern.