Hopp til innhold

– Synd at me på ein måte blir fiendar

KrF-topp i Rogaland, Olaug Bollestad, er ikkje begeistra for nye småparti, som kjempar om kristne veljarar. Men universitetsforskar, Elisabeth Ivarsflaten, meiner det kan vera bra for demokratiet.

Olaug Bollestad om De Kristne

Olaug Bollestad (KrF) meiner det er synd at ho må rivalisera med andre kristne parti i valkampen. Men universitetsforskar meiner at kristne småparti kan vera bra for KrF.

Foto: NRK/De Kristne

Elisabeth Ivarsflaten

Elisabeth Ivarsflaten ved UiB, meiner at fleire småparti kan styrka demokratiet.

Foto: UiB

Heile 17 parti stiller med vallister i Rogaland i år. Av desse er det fleire småparti, som Piratpartiet, Dei Kristne og Kristent Samlingsparti.

At veljarane har mange små parti å velja mellom kan vera bra for demokratiet, meiner forskar ved Universitetet i Bergen, Elisabeth Ivarsflaten, ved Institutt for samanliknande politikk.

– Det er ganske mange som ikkje stemmer i Norge, dei som heller gjer si stemme til det såkalla «sofapartiet». Dermed er det tenkeleg at desse småpartia mobiliserer fleire av desse veljarane, altså folk som tidlegare ikkje har engasjert seg for politikk, seier Ivarsflaten.

– Færre mandat på Stortinget

Men ikkje aller er samde i dette. Listetopp for Kristeleg folkeparti i Rogaland, Olaug Bollestad, meiner at dei kristne veljarane ikkje tener på å bli spreia ut over fleire parti.

Arne Husveg

Arne Husveg er det nystifta partiet, Dei Kristne, i Rogaland.

Foto: Anna Nesvik

– Det er synd at me som står for mykje av det same, nå på ein måte blir fiendar av kvarandre, seier Olaug Bollestad til NRK.no.

Og ho har konkrete dømer på korleis dette kan råka dei kristne veljarane.

– For fire år sidan mangla me 187 stemmer for å få inn to mandat på Stortinget. Kristent Samlingsparti fekk 615 stemmer, dermed fekk dei ikkje inn nokon på Stortinget, medan me fekk ein mandat mindre, seier Bollestad til NRK.no.

– Kan hjelpa KrF

Arne Husveg er andrekandidat for det nystifta partiet, Dei Kristne, i Rogaland. Han håper på best mogleg oppslutning rundt sitt parti, sjølv om fleire av stemmene kanskje går på kostnad av KrF.

– Det er politikken KrF har ført gjennom mange år, som gjer at dei eventuelt missar stemmer til oss, seier han.

Han meine deler synet til Ivarsflaten, om at det er bra for demokratiet med fleire val.

– Nå finst det ein moglegheit til dei som vil ha noko nytt, og me marknadsførar oss også med å vera partiet du sakna ved førre val, seier han.

Men i tillegg til å få sofaslitarane til valurnene, kan småparti faktisk hjelpa større parti med liknande politikk meiner Ivarsflaten.

– I den grad Dei Kristne klarer å få merksemd rundt saker dei har fokus på, som til dømes kristne kjerneverdiar, kan dette faktisk føra til at veljarar som også er opptekne av dette også kan gå til KrF. Med andre ord har Dei Kristne då hjelpt KrF med å setja fokus på kristne kjerneverdiar.