Hopp til innhold

– Ho veit at ei ku har fire spenar

Pelsdyrforbod, klimatiltak og overproduksjon av kjøt og egg er blant sakene Olaug Bollestad får på pulten som ny landbruks- og matminister.

Marit Epletveit

Leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, har sjølv hatt besøk av den nye landbruksministeren i fjøset. – Ho har eit godt hjarte for landbruket, seier Epletveit om Bollestad.

Foto: Erik Waage / NRK

– Vi er skuffa over at KrF ikkje greidde å snu pelsdyrvedtaket, seier Marit Epletveit, leiar i Noregs Bondelag i Rogaland.

Jordbruk er ei viktig næring i heimfylket til ein av dei nye statsrådane i Erna Solberg si nye regjering, den nye landbruks- og matministeren Olaug Bollestad (KrF) frå Gjesdal.

Ikkje uventa trekk bondelagsleiaren, også frå Gjesdal, fram pelsdyr som ei sak som kjem til å bli vanskeleg for sambygdingen framover.

– Nå håper vi i alle fall at ho greier å få til ei så god kompensasjonsordning som mogleg, seier Epletveit.

– I strid med KrF sitt partiprogram

Samfylkingen Geir Pollestad (Sp) leier Næringskomiteen på Stortinget, og kjem til å ha mykje med Bollestad å gjere. Han går eit godt steg lenger enn Epletveit.

Geir Pollestad

Geir Pollestad (Sp).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Ho får to ting i fanget: forbod mot nydyrking av myr og pelsdyroppdrett. I desse sakene forventar eg at ho tar ansvar, og aller helst prøver å gjere noko med dei, seier han.

Begge saker er trekte fram som Venstre-sigrar i regjeringsplattforma.

– Desse punkta er i strid med KrF sitt partiprogram, og ei ganske samla jordbruksnæring er kritisk til dei, seier Sp-politikaren.

I pelsdyrnæringa har dei store forventningar til Bollestad. 80 av næringa sine 200 pelsdyroppdrettarar held til i Rogaland. Vedtaket frå Jeløya-plattforma om nedlegging innan 1. februar 2025 blir ståande for den utvida regjeringa.

– Men me vil ikkje gje opp enno, seier leiar i Noregs pelsdyralslag, Bertran Trane Skadsem.

Bertran Trane Skadsem

Bertran Trane Skadsem, leiar i Noregs pelsdyralslag, trur det er positivt for næringa at Olaug Bollestad kjem frå eit fylke med mange pelsdyroppdrettarar.

Foto: Magnus Stokka

Pelsdyrbøndene som må leggje ned, skal få kompensasjon. Spørsmålet er berre kor mykje. Dei 365 millionane som er foreslått, er for lite, meiner han. Næringa har rekna seg fram til at 2,3 milliardar ser betre ut.

Skadsem trur det er positivt at Bollestad kjem frå det største pelsdyrfylket i landet.

– Ho ønsker næringa, og kjenner situasjonen pelsdyroppdrettarane er i. Ho veit at vi har verdas beste dyrevelferd, og difor har me store forventningar til at ho skal rydde opp.

– Ho hadde mjølka før

Pollestad er på si side også spent på korleis Bollestad vil løyse overproduksjon, spesielt kjøt, og om norske bønder skal betale klimaavgift når dei produserer mat.

– Spesielt klimaavgift har både eg og KrF vore negativ til, medan regjeringa er meir positiv, seier han.

Solbergs utvidede regjering på Slottsplassen

Ny landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF) saman med utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF, til høgre) og ny barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF, til venstre).

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Både Pollestad og Epletveit ønsker Bollestad varmt velkomen, og ser fram til ein landbruksminister frå Rogaland.

– Ho har budd og vore ordførar i ein viktig jordbrukskommune. Eg trur ho har god innsikt i kva det norske landbruket er, seier Pollestad, og Epletveit er einig.

– Sjølv om ho ikkje har deltatt veldig i debatten, har ho eit godt hjarte for landbruket, seier Epletveit, som sjølv har hatt politikarbesøk av Bollestad på garden sin.

Då mjølka KrF-politikaren ei av kyrne hennar.

– Det hadde ho heilt tydeleg gjort før. Ho veit at ei ku har fire spenar, seier Epletveit.