Hopp til innhold

Dei unge i Hå kan velte storkommunen

Stort nei-engasjement blant unge i Hå kan bidra til at det ikkje blir noko av «Jæren kommune». Jeanette Lea Romslo er ei av dei som skal stemma nei i folkerøystinga i dag.

Jeanette Lea Romslo

Jeanette Lea Romslo er med i folkeaksjonen «Nei til Jæren kommune» og ungdomstillitsvald i Fagforbundet i Hå. Ho trur dei unge i Hå kan sikra siger for nei-sida i dagens folkerøysting.

Foto: Privat

– Det seier seg sjølv at dersom 16- til 25-åringane går og røyster, så vil det gjere noko med resultatet, seier Jeanette Lea Romslo.

Ho er medlem av folkeaksjonen «Nei til Jæren kommune» og ungdomstillitsvald i Fagforbundet i Hå, og trur ungdomsengasjementet kan bli avgjerande for resultatet av dagens folkerøysting.

Spørsmålet innbyggjarane i Klepp, Time og Hå skal ta stilling til, er om dei tre kommunane skal bli til ein – og bli den tredje største kommunen i Rogaland med nær 60.000 innbyggarar.

Stort engasjement blant ungdommen

Ein av 10 har alt røysta, og i Hå er engasjementet særleg stort blant dei unge. Ein av fem 16- og 17-åringar har førehandsrøysta, og dermed alt passert talet på ungdomsrøyster, samanlikna med andre plassar i landet kor dei har røysta om kommunesamanslåing.

Tuastad om bygdelister

Statsvitar Svein Tuastad meiner identitet tel mest for dei unge når dei skal røysta om storkommune eller ikkje.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er litt oppsiktsvekkande at det er så sterk mobilisering. Det viser at Hå, og ungdommane der, kanskje er særleg opptekne av lokal identitet, seier statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad.

Meiner Håbuen har sterk lokal identitet

Ifølge han er det identiteten det handlar om for dei unge håbuane, meir enn vurderingar rundt kva som skjer med tenestetilbodet.

– Folk i Hå har ei særeigen tru på kor dei høyrer til. Det har vi sett tidlegare med alle bygdelistene.

Det trur Jeanette Lea Romslo både gjer ungdommen ekstra engasjert, og at det er til fordel for nei-sida.

– Det er deira framtid som står på spel, det er jo her me skal bu. Og så er det veldig lokalt, det står oss nært, og er lett å relatera til, seier ho.

– Mange er usikre

Ikkje alle har like stor trur på at ungdommen i Hå veltar planane om ein storkommune. Benjamin Aarsland Erikstad er kommunestyremedlem i Hå for Høgre, nestleiar i Rogaland Unge Høgre – og på ja-sida.

Benjamin Aarsland Erikstad

Benjamin Aarsland Erikstad er kommunestyremedlem i Hå for Høgre, nestleiar i Rogaland Unge Høgre, og ihuga ja-mann.

Foto: Harald Eide Ellingsen

– Me har jo berre hatt ei meiningsmåling, der det var mange som var usikre. Eg håper at me greier å mobilisera nok til at dei vipper over på eit ja, seier han.

Men meiningsmålingar så langt har vist at skepsisen til Jæren kommune er størst i Hå. Ungdommen er med på å forsterka dette bildet, seier statsvitar Svein Tuastad.

– Eg trur ikkje det er ungdommen som vil vippa Hå i den eine eller andre retninga, men mitt tips er at ungdommen forsterkar det som er den vanlegaste haldninga.

Førehandstipsa går ut på at det er nei i Hå, men sikkert svar kjem først når røystene er talde opp seint i kveld.