Hopp til innhold

Dei uavhengige politikarane blir fleire

Seks tidlegare partipolitikarar har blitt uavhengige i Stavanger bystyre og fylkestinget i Rogaland. – Dersom den uavhengige gruppa blir for stor, reiser det ein del prinsipielle spørsmål, seier Per A. Thorbjørnsen (V).

Nestleder i Venstre, Helge Solum Larsen

Helge Solum Larsen (tidlegare Venstre) blir den sjette i rekka av folkevalde politikarar i Stavanger og Rogaland fylke, som held fram som uavhengig.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Svein Tuastad, statsviter på Universitetet i Stavanger

Statsvitar, Svein Tuastad, ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Me er nå litt meir enn halvvegs inn i valperioden for kommune- og fylkestingsvalet 2011, likevel er det allereie mange av politikarane i Rogaland som av ulike grunnar har sagt forvel til partia sine, og heldt fram som uavhengige.

Berre i løpet av dei siste fjorten månadane har seks folkevalde politikarar i Stavanger bystyre og fylkestinget i Rogaland meldt seg ut av partiet dei blei valde inn for. Arbeidarpartiet har klart dei fleste, men også Venstre og Pensjonistpartiet har mista representantar til dei såkalla uavhengige.

Statsvitar, Svein Tuastad, meiner at utmeldingane enn så lenge ikkje er eit stort problem for lokaldemokratiet og veljarane sin tillit til politikarar.

– Det blir eit problem dersom det får eit visst omfang, seier Tuastad.

– Me treng litt fleksibilitet

Sidan november i fjor haust er bystyregruppa i Stavanger Arbeiderparti redusert med to representantar, Venstre vil få redusert si frå nyåret. I fylket har både Arbeidarpartiet og pensjonistpartiet mista ein representant kvar til fordel for uavhengige.

Men statsvitaren meiner at omfanget ikkje er eit problem.

– Me treng litt fleksibilitet i demokratiet og me treng litt sjølvstendige representantar. Demokratiet i Norge er slik at nokre ganske få i partia har ganske stor makt, derfor er det viktig at me har representantar som tenker litt sjølvstendig.

Dei fleste utmeldingane har skjedd med bakgrunn i bybanesaka, i tillegg finst det utmeldingar med bakgrunn i personlege konfliktar. Helge Solum Larsen, melde seg ut frå Venstre etter han blei meldt for valdtekt av ei 17 år gamal jente etter eit partiarrangement i Suldal. Saka er lagt vekk, men jenta har anka.

Tuastad meiner mat ein i første rekke må sjå på bakgrunnen for enkeltsakene når ein skal vurdera om alle sakene går på tilliten laus for politikarane.

– Alle forstår kvifor det skjer. Det er logiske grunnar til det. Derfor trur eg ikkje det svekker tilliten til representantane i bystyret og til lokale parti generelt, seier Tuastad.

– Dei fleste kjempar for det dei gjekk til val på

Cecilie Bjelland, tidlegare leiar for bystyregruppa til Arbeidarpartiet, er ikkje like kategorisk.

Per A. Thorbjørnsen

Per A Thorbjørnsen er gruppeleiar for Venstre i Stavanger bystyre.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

– Det er problematisk dersom veljarane ikkje føler at dei kan stola på politikarane, seier Bjelland.

Ho har opplevd at fleire sentrale partimedlemmer har meldt seg ut. Tre av dei har statuert seg som gruppa; Uavhengige i Stavanger, to av dei møter fast i bystyret.

– Heile det demokratiske systemet me har er bygd på tillit i forhold til veljarar og politikarar. Dersom nokon føler dei har stemt på noko, men så får dei noko heilt anna, då er det eit problem, seier ho.

Bjelland viser til at fleire parti historisk sett har opplevd konflikt og usemje som har resultert i utmeldingar og uavhengige representantar.

– Me er 67 stykk i bystyret i Stavanger, så om det er nokon få som har endra standpunkt undervegs. Så jobbar dei aller fleste framleis for det dei gjekk til val for.

– Reiser viktige prinsipielle spørsmål

– Det er nok viktig at me har denne ventilen, seier gruppeleiar for Venstre, Per A. Thorbjørnsen.

Han er den siste gruppeleiaren som har opplevd å mista ein representant. Helge Solum Larsen vil frå årsskiftet ta plass i bystyret som representant for Dei Uavhengige.

– Men når denne ventilen blir ein sykkel, eller ei gruppering, syns eg det kjem inn nokre krav. Ein må reflektera litt meir prinsipielt. Det nok ei fortsetjing at ein står på den politiske plattforma som ein er vald inn på, og at ein ønskjer gjennomslag i den politikken me har blitt vald inn på.