Hopp til innhold

Bystyrepolitikar vil sperra veg i protest mot ny bomring

Politiet meiner det er uaktuelt, og varslar at demonstrantane vil bli fjerna dersom aksjonen blir gjennomført som planlagt.

Leif Arne Moi Nilsen (t.v.) og Sigurd Sjursen

Sigurd Sjursen (t.h.) er leiar i ei ny aksjonsgruppe som er imot dei nye bomstasjonane på Nord-Jæren, med seg på laget har han fått Frp-politikar frå bystyret i Stavanger, Leif Arne Moi Nilsen, som deltar som privatperson.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Vegen skal sperrast på Sandved i Sandnes og her, seier Frp-politikar Leif Arne Moi Nilsen. Han peikar på bybrua som bind Hundvåg saman med Stavanger. Ein veg tungt trafikkert av både bussar og privatbilar.

I 30 til 60 minutt skal trafikken stå stille under aksjonen 22. august, som skal vera ein protest mot dei nye bomstasjonane i Bypakke Nord-Jæren, ifølgje Moi Nilsen.

– Har de fått løyve?

– Eg skal søka om løyve, men om me ikkje får lov så har eg ein plan b for korleis me kan stoppa trafikken. Det er jo ein fotgjengarovergang som me kan bruka, seier han og smiler lurt.

Moi Nilsen sit i bystyret i Stavanger, men seier at han i denne saka handlar som privatperson.

Aksjon mot Bypakke Nord-Jæren

Politiet: – Me vil ikkje godta dette

– Det seier seg sjølv at me ikkje kan godta at Bybrua blir stengt ein time i ein demonstrasjon, seier leiar for felles eining for utlending og forvaltning i Sør-Vest politidistrikt, Leif Ole Topnes.

Han seier at dei i alle høve er plikta til å søka dersom dei skal ha ein demonstrasjon.

– Ein demonstrasjon er greitt, men å stenga ein viktig tilførselsveg, det høyrdest drygt ut, seier Leif Ole Topnes.

Vil ha fleire vegsperringar

Moi Nilsen på si side oppfordrar andre også til å sperra vegen der det er planlagt bomstasjonar andre plassar i fylket på same tidspunkt.

– Bomstasjonane er jo i gang frå oktober. Den er politisk vedtatt. Dette fører vel ingen veg uansett?

– Det handlar om at folk seier ifrå til partia som dei stemmer på. Nå skal parti laga programma sine der dei seier kva dei meiner om ting, og det er aldri for seint å snu, seier han.

I Sandnes har Sigurd Sjursen, mannen som starta aksjonsgruppa, signalisert at dei ikkje skal søka om løyve ein gong. Han seier at fleire tusen støttar bodskapen deira.

– Bomringane vil påverka privatøkonomien til folk noko enormt, og det har blitt tredd over hovudet på oss. Eg trur bilane som blir hindra i dei minutta det vil vara vil støtta oss, seier han.

Bli med og steng bybrua

Bli med og steng bybrua skriv Leif Arne Moi Nilsen på facebook-sida si.

Foto: Skjermdump / Facebook

Blir det ille må dei fjernast

Når det kjem til politiet sine kommentarar til aksjonen så forsikrar Moi Nilsen om at det vil vera folk som skal passa på at utrykkingskøyretøy får sleppa gjennom.

Hos politiet seier det at dersom det blir sett i gang ulovlege aksjonar så vil dei behandla det som eit ordensoppdrag.

– Dersom det blir ille så må me jo fjerna folk. I etterkant så må ein også vurdera om me vil melda det inn og oppretta sak, seier Kristian Johansen, seksjonsleiar for ordensavdelinga i Stavanger i Sør Vest politidistrikt.