Hopp til innhold

Her er postkorta turistane vil ha

Mange turistar kjøper framleis postkort når dei er på reis i Norge. Her kan du sjå kva som er Natur og kulturforlaget sine ti mest selde motiv.

Postkort frå Geiranger

Dette postkortet med motiv frå Geiranger i Møre og Romsdal er eitt av dei mest selde motiva til Natur og kulturforlaget, som sel postkort i heile landet.

Foto: Natur og kulturforlaget

Snorre Aske jr

Snorre Aske jr. er dagleg leiar i Natur og kulturforlaget.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er framleis god butikk å driva med postkort, me har faktisk opplevd ei auke i salet dei siste åra, seier Snorre Aske jr. i Natur og kulturforlaget. Eitt av forlaga som sel postkort over heile landet.

Han trur likevel ikkje at alle nyttar posta på den tradisjonelle måten; å posta dei.

– Det handlar nok mest om å få eit bra bilete frå ein stad ein har vore. Reiser du til dømes til preikestolen får du ikkje bra mobilbilete dersom det er skodde eller regn, seier Aske jr.

Vidare forklarer han at det er kollasjar med fleire bilete som er mest populært. Dei ser også at Trolltunga er i full fart oppover på lista, men framleis ikkje på topp ti.

Her er lista over topp ti postkorta dei siste to åra:

1.

Postkort nummer ein

Mange norske motiv på eitt og same postkort er det mest populære.

Foto: Natur og kulturforlaget

2.

Postkort nummer to

Aske jr. hadde aldri trudd at dette kortet med vikinglovane skulle selja så bra som det gjorde, men han trur det har samanheng med HBO-serien Vikings.

Foto: Natur og kulturforlaget

3.

Postkort nummer tre

Geiranger i Møre og Romsdal.

Foto: Natur og kulturforlaget

4.

Postkort nummer fire

Kjeragbolten i Rogaland.

Foto: Natur og kulturforlaget

5.

Postkort nummer fem

Geirangerfjorden.

Foto: Natur og kulturforlaget

6.

Postkort nummer seks

Oma i Hardangerfjorden.

Foto: Natur og kulturforlaget

7.

Postkort nummer sju

Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Foto: Natur og kulturforlaget

8.

Postkort nummer åtte

Tufto og Bakka i Nærøyfjorden.

Foto: Natur og kulturforlaget

9.

Postkort nummer ni

Preikestolen og Kjeragbolten.

Foto: Natur og kulturforlaget

10.

Postkort nummer ti

Geirangerfjorden.

Foto: Natur og kulturforlaget