Hopp til innhold

Alle fem er henta ut

- I ettertid tenkjer eg at me var heldige som ikkje fekk raset over oss.

Har fjerna snømassene frå det eine skredet.

Brøytemannskap har fått fjerna snømassene frå det eine skredet.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Frida Kleivland og foreldra var på veg til hytta, då dei blei sperra inne av to ras på riksveg 13 mellom Røldal og Nesflaten i Suldal i går kveld.

- Han i bilen foran oss stoppa først, og sa det var gått eit ras. Me venta omlag ein time før me bestemte oss for å snu, men då var det gått eit ras der og. Då måtte me berre parkere.

Frida Kleiveland

Frida Kleiveland.

Foto: Frida Kleiveland

Ho seier at situasjonen ikkje var skummel der og då.

- I ettertid tenkjer eg at me var heldige som ikkje fekk raset over oss.

Dei fekk tida til å gå med å høyra på radio, løysa kryssord og Frida var også på facebook frå dataen i baksetet.

I bilen foran sat Geir Tomasgaard og sonen på åtte år. Dei var på veg frå Tau til Odda i går kveld. Dei hadde ikkje med seg mat, men familien bak delte raust.

– Men me har sove betre før, seier Tomasgaard. No ser dei fram til å kome seg til farmor som ventar i Odda.

Vegen blir ikkje opna


Geologer har saman med Statens Vegvesen vurdert om det er trygt å fjerna snømassene etter rasa.

– Me har sett at det nederste området ikkje er farleg. Det øvre området er farlegare, så der vil me venta til i morgon. Då tar me gjerne ein inspeksjon til for å finna ut kva me vil gjer, seier Einar Stange.

Vegen blir ikkje opna i dag, og vil vere stengt mellom Røldal og Lona.

Gir seg ikkje

Når NRK snakkar med Frida Kleiveland står familien og fyller diesel på bilen. Tanken var nesten tom etter å ha halde bilen varm heile natta. Etter tankinga skal dei ikkje heim, for sjølv om eit ras fortsatt sperrer vegen freistar ein hyttetur.

- Er det ferie så er det ferie, me skal til hytta og kjører rundt, avsluttar Kleiveland.