Hopp til innhold

Dei frykta Toto-søksmål

Trine Rein, og kjærasten Lars Monsen, blei nervøse då dei oppdaga at songen deira var påfallande lik ein Toto-song. Men reaksjonen blei ein heilt anna enn dei frykta.

Trine Rein og kjærasten Lars Monsen blei nervøse då dei oppdaga at songen deira var påfallande lik ein Toto-song. Men reaksjonen blei ein heilt annan enn dei frykta.

►SJÅ VIDEO: David Paich (t.v.), Trine Rein og Lars Monsen ser på videoen til songen dei har laga. Ein song som er slåande lik Toto sin «Child's Anthem».

I samanheng med hundesledeløpet, Femundløpet 2012, laga Trine Rein, saman med kjærasten sin Lars Monsen, songen «When heroes are made».

Det gjekk ikkje lang tid før Trine fekk telefonar frå norske Toto-fans.

– Dei sa at songen var slåande lik songen «Child's Anthem». Då eg fekk tid til å sjekka opp i dette, etter løpet, viste det seg at dei hadde heilt rett, seier ho til NRK.no.

Først blei ho veldig redd for konsekvensane av dette ufrivillige plagiatet.

– Eg tenkte det kom til å bli søksmål, og at det ville koma amerikanske advokatar og ta meg, fortel ho.

Sjå videoen til «When heroes are made»:

Blei medkomponist

Men ho meinte likevel det ville vera best å spela med opne kort. Ho kontakta derfor komponist i Toto, David Paich, i LA.

– Me bestemte oss for å legga oss heilt flate. Eg kontakta Paich, og spurde korleis me kunne gjera dette godt.

Reaksjonen var langt frå det ho hadde frykta.

– Han reagerte utruleg positivt, og då alle formalitetar var unnagjort, enda me opp med sjølvaste David Paich som co-writer på låten. For Lars Monsen er jo dette ekstra stas, sidan det er den første låta han er med på som tekstforfattar.

I dag er Toto på norgesbesøk for å spela konsert i Sandnes. Trine Rein og Lars Monsen nytta sjansen til å treffa medkomponisten, og skværa opp.

Fekk sjå musikkvideo

Paich fekk også sjå musikkvideoen av songen for første gong (sjå videoen nedanfor).

Reaksjonen var ikkje dårleg.

– Utruleg bra, eg har ikkje ord, sa Paich, som syntest det berre er ei ære å få vera medkomponist på låta til Rein og Monsen.

– Det var veldig kjekt å treffa David personleg for å takka ham for hjelpa med å få orden på noko som kunne ha vore ein kinkig situasjon, og dessutan for å lovprisa Toto-fansen i Norge for at dei var så vakne og insisterte på å sei ifrå om likskapen mellom låtane, avsluttar Trine Rein.