Susanne var sliten etter det første Nordsjørittet for ungdom

Det er lov å vera sliten når du er blant dei aller første over mållinja. Susanne Andersen gav alt i den historiske ungdomsklassen under årets Nordsjøritt.

Video Ungdommen i mål på Nordsjørittet 2012

VIDEO: Susanne Andersen er ei av dei første nokon sinne som kjem i mål i ungdomsklassen til Nordsjørittet 2012.

Tandemsykkel i ungdomsklassen

Det blei tatt i bruk tandemsykkel i ungdomsklassen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette var veldig gøy, og veldig hardt, seier Sussanne Andersen, like etter ho har kome over målstreken.

Det er så vidt ho klarer å stå oppreist, men Andersen er likevel berre glad for å ha fullført det første ungdomsrittet i Nordsjørittet nokon sinne.

– Eg er veldig glad i sykling, og Nordsjørittet er jo eit veldig stort ritt.

Viktig å ha med ungdommen

For første gong har Nordsjørittet i år ein eigen ungdomsklasse. I dag tidleg byrja dei rittet sitt på Orre, og sykla ein tredjedel av den totale rittlengda.

Med tre mil bak seg var det Erlend Blikra som fekk gleda over å vera den aller første over målstreken.

– Det er veldig flott at me får vera med på eit så stort arrangement, og det er jo sjølvsagt ekstra kjekt å vinna, seier Blikra.

Ved målstreken stod rittleiar, Odd B. Skjærseth, klar for å gratulera ungdommen. Han meiner at det er svært viktig å ha dei unge med på laget.

– Dette har me snakka om i mange år, så me er glade for at det er på plass nå, særleg når me ser kor glade dei er når dei kjem over målstreken. Ungdomsrittet er også viktig for rekrutteringa, seie Skjærseth.

Odd B. Skjærseth gratulerar Erlend Blikra

Rittleiar Odd B. Skjærseth gratulerer første ungdom over mållinja. Erlend Blikra frå Stavanger sykkelklubb er svært glad for at ungdommane har blitt tatt inn i varmen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Perfekte forhold

Like etter ungdommane kom den noko eldre pulje ein inn. Dette var dei første som sykla ni mil frå Egersund til Sandnes under årets ritt.

Aller først kom Geir Dahlen frå Stavanger terrengsykkelklubb, på tida 2:43:33.

– Det var herleg å koma først. Terrenget i løpa var nesten knusktørt og forholda var perfekte. Dersom det ikkje byrjar å regna for mykje vil dette bli ein flott dag for mange.

Kvinnene i eliteklassen er også komne i mål. For tredje året på rad vann Lise Nøstvold med tida 2:57:12. Ho slo dermed sin personlege rekord frå fjoråret med 12 minutt.

Sjå intervju med Geir Dahlen her:

Video Første mann i mål

Geir Dahlen blei beste mann i pulje 1.