NRK Meny
Normal

Dei fleste vegane opnar i løpet av dagen

Dei fleste vegar i Rogaland som har vore stengt på grunn av flaum, er opna eller i ferd med å opna.

Tengsbrua

Tengsbrua i Egersund er framleis stengt for biltrafikk, resten av sentrum er opna opp.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund

Det opplyser Statens vegvesen, som sette krisestab søndag på grunn av ekstremvêret «Synne».

Framleis er nokre vegar stengde, men dei fleste er opna.

– Mannskapa ryddar for fullt. E39 ved Drangsdalen blei opna tidlegare enn tenkt fordi mannskapa klarte å rydde og kontrollere vegen raskare enn vi trudde. I tillegg sank vasstanden veldig raskt, fortel Eivind Stangeland, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Bjerkreimsveien

Store skader på Bjerkreimsveien i Eigersund.

Foto: Cecile Berntsen Jåsund