Hopp til innhold

Dei må leve i skjul, medan gjerningsmannen er på frifot

John har blitt skamslått og trua på livet av ein serbisk statsborgar. Både han og kjærasten fryktar for livet sitt, for politiet har sleppt gjerningsmannen fri.

John på sjukehus etter angrepet frå ein serbar. Kjærasten ønskjer ikkje å visa ansiktet.

John på sjukehuset i Stavanger, der han låg skamslått etter møtet med angriparen.

Foto: Privat

John og kjærasten var på joggetur i Sola den 2. juli i år.

Ein bil stoppa lengre framme og ein kraftig mann ut. Han verka aggressiv og truande, minnes John.

– Det neste eg høyrde var "where is my money?"

Hendene til John fekk gjennomgå då han blei angripen av den serbiske statsborgaren

Hendene til John fekk gjennomgå då han blei angripen av den serbiske statsborgaren.

Foto: Privat

Mannen gjekk til angrep. Johns kjæraste var målet. Han gjekk imellom.

– Då fekk eg mange slag, hjerneristing og hadde sår på hendene og fingrane etterpå, fortel han.

Misnøgd med jobben

Johns kjæraste jobbar i rettsstellet og kjente den serbiske mannen gjennom jobben. Han var ikkje nøgd med resultatet etter eit oppdrag ho hadde utført.

Angriparen tok bankkorta til kjærasten og forsvann.

Medan dei to prøvde å koma seg igjen og å ringa til politiet, oppdaga John at serbaren var tilbake.

Han tok ein u-sving og køyrde deretter inn på gangstien.

Angriparen køyrte inn på gangvegen der John og kjærasten sto

Angriparen køyrde inn på gangvegen der John og kjærasten stod.

Foto: Privat

– Då tenkte eg at nå blir me køyrde ned, fortel John.

Dei kasta seg ut av gangstien og sprang.

Dei tok sikte på næraste hus og banka på fleire dører. Det var først då dei ringde på hos ein brannmann, at dei fekk koma inn. Dei blei henta av politi og ambulanse.

– Seinare blei eg køyrt til sjukehuset, svært skadd. Eg kunne mest ikkje røra meg.

Lever i skjul

Dei har vore sjukemelde sidan og er redde for å bli utsette for nye angrep.

Serbaren rett før han sette seg inn i bilen sin igjen

Serbaren rett før han sette seg inn i bilen sin igjen.

Foto: Privat

Dei har begge ungar, som forstår at foreldra er redde.

Samstundes forstår dei ikkje at angriparen skal vera på frifot, medan dei må leva innandørs og i redsle for at han skal dukka opp igjen.

Ny kontakt

Gjerningsmannen blei tatt av politiet same dagen, men sleppt fri to dagar etter.

Måndag 26. september, var John i Sola sentrum:

– Då eg snudde meg, var han bak meg og peikte med ein handrørsle mot magen. Eg oppfatta det som han ville drepe meg, seier John.

Møttest for tredje gong

Serbaren hadde fått besøksforbod mot John og kjærasten etter den første episoden.

John kontakta politiet om det som hadde skjedd.

To dagar etter møtte han igjen serbaren. Det opplevde John så truande at han igjen kontakta politiet.

Serbaren blei sett i varetekt til neste dag, men så sleppt fri på nytt.

Under etterforsking

Mannens advokat, Kathrine Berglie, vil ikkje kommentere saka medan den er under etterforsking.

Det vil heller ikkje politiadvokat Lene Tesdal Tonstad ved lensmannskontoret i Time, ut over at ho reknar med at etterforskinga blir avslutta denne veka eller seinast neste veke.

Statsadvokaten skal vurdere om det skal takast ut sak mot den serbiske statsborgaren.