Hopp til innhold

Dei døde er identifiserte

Fire personar, to vaksne og to barn, blei i ettermiddag funne døde i ein bustad på Storhaug i Stavanger.  Politiet veit nå kven dei er.

Drap i Stavanger
Foto: Sigve Kvamsdal / NRK

Dei fire personane blei funne på badet av ei vaskehjelp. Ho fann først ein lapp inne i bustaden med teksten: «Vi ligger på badet. Ring politiet». Kvinnen kontakta deretter politiet.

Politiadvokat Karsten Monsen i Stavangerpolitiet stadfestar at dette har skjedd. 

 

Åstaden på Storhaug
Foto: NRK

 

Verdas hyggelegaste menneske

Nærmarste nabo, Astrid Larsen,  karakteriserer dei omkomne som "verdas hyggelegaste menneske".  Ho stiller seg heilt uforståande til det som har skjedd.   Dei fire vart funne i eit hus som er delt opp i fleire leiligheter. Huset ligg i eit roleg buområde i Storhaug bydel i Stavanger.

 

Pressekonferanse:

Klokka halv fire i ettermiddag hadde politiet ein pressekonferanse om det som skjedde.  Politiadvokat Monsen avviste at det var tale om å kopla inn Kripos.  - Det er teikn som tyder på at dette er ei familietragedie, men heilt sikre er me ennå ikkje, seier Monsen.  Han avviste også å svara på om det var funne våpen i huset.  Politiet fortset etterforskninga utover ettermiddagen med tekniske og taktiske undersøkjingar.