NRK Meny
Normal

Kokebok som julegåve

Bøker er ein av dei vanlegaste gåvene ein finn under treet på julaftan. Stig Juelsen, som er kokk og kokebok-nerd, gjer deg tips om kvifor nokre av årets kokebøker som egnar seg best under treet.

Kokebøker

Kokeboka «Bagatelle. Hellstrøms siste måltid» er ifølgje Stig Juelesen den beste kokeboka som kom ut i 2010.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– 2010 er eit svært godt år for kokebøker. Bøkene er betre gjennomførte og gjennomtenkte enn tidlegare, seier Stig Juelsen som er tidlegare kjøkkensjef på NB Sørensen og Hall Toll i Stavanger.

Han seier at kokebøkene er i ferd med å bli mykje meir enn berre oppskrifter i og med at dei går djupare enn tidlegare inn i kunnskap om maten og matens røter.

Stig Juelsen

Kokken Stig Juelsen i samtale om kokebøker med reporter Einar Espeland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Helstrøm er kongen

Han har plukka ut seks bøker som han meiner er av dei aller beste som har kome ut i år. Av desse held han boka til Hellstrøm aller høgast.

Årets heitaste kokeboktips frå Juelsen er Eyvind Hellstrøm si «Bagatelle. Hellstrøms siste måltid».

– Dette er ein fantastisk kokebok-biografi med heile historia hans frå han byrja i 1982, og opna Bagatelle, seier Juelsen.

For nerdar og folk flest

– Er det noko me kan lite om i Norge er det ost og vin, derfor vil boka «Ost og vin» av Toralf Bølgen vera ei bok som kan passa som gåve til svært mange, seier Juelsen.

Han seier at det nærmast luktar ost av boka og at ho er for alle som vil læra eitt og anna om emnet.

For dei som er over snittet interesserte i mat vil Juelsen anbefala det han kallar for ein «Bibel».

«Ekte mat» av journalisten Andreas Viestad er ei bok som enda til kokkar kan læra mykje nytt av om dei les ho, seier han.

Han seier at innfallsvinkelen til Viestad er annleis enn den vil vera i ein kokk si kokebok, men med sine 500 sider er det ei bok for dei mest interesserte.

«Schakendas bakeskole» av John Rørdam er ei bakebok for barn eller for vaksne som vil baka med barn. Juelsen seier at dette vil vera ei julegåve som vil gje gleder mange år fram i tid.

– Dette er ei veldig bra bakebok som eigentleg burde vore på alle skulane fordi ho er svært lærerik. Her lærar du å bake brød, for å sei det slik, seier han.

Lokale bøker

Til slutt har han teke med boka to lokale bøker. «Matgleder i Ryfylke» av Frode Selvaag og Tor Øyvind Skeiseid er ei bok som først og fremst handlar om matprodusentane i Ryfylke.

– Denne boka er nok mest interessant for dei som er tilknytt Rogaland og vil læra meir om kva som eigentleg blir produsert her og seld i butikkane, seier Juelsen.

Food Story-butikken kjem snart ut med ei kokebok som Juels vil anbefala for folk som bur i Stavanger og kan bruka butikken deira.

Matlaging for blinde

For dei blinde har det også kome ut kokebok i år. Det er Ingrid Espelid si velkjende rutete kokebok.

Nå er boka på 700 sider innlest og er tilgjengeleg på CD.