Hopp til innhold

Her er debatten som har sett sinne i kok

Mange har ytra seg kraftig på sosiale medium etter musikar Kjell Inge Torgersen gjorde det kjent at han ikkje vil stå på same scene som sin innvandringskritiske artistkollega Torolf Nordbø.

Hel versjon av radiodebatten mellom Torolf Nordbø og Kjell Inge Torgersen.

SJÅ DEBATTEN: Her kan du sjå debatten frå NRK Rogaland si radiosending.

«Stakkars Torgersen som må leve i sin sneversynte verden og ikke godta at andre har meninger som gjerne går på tvers av sine egne. Her er det ikke mye respekt å hente. Barnslig oppførsel spør du meg, men sånn er vel KRF og SV bygd.»

Dette er ein av fleire reaksjonar som har kome på Facebook, etter artist Kjell Inge Torgersen har gjort det kjent at han ikkje vil stå på same scene som revyartist og KrF-profil Torolf Nordbø.

Sceneboikotten kjem etter at Nordbø gjekk ut og sa at han blei kvalm av asyl- og innvandringspolitikken til sitt eige parti. Sjølv er han langt meir kritisk til innvandringa.

Mange er engasjerte i facebook-debatten

Mange diskuterer boikott-utspelet på Facebook.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Eg har ingen problem med å samarbeida med Nordbø

Etter NRK la ut saka på Facebook er det mange som har delt saka og diskutert den. I fleire av innlegga er det tydeleg at sinne har blitt sett i kok.

Per Inge Torkelsen

Komikar Per Inge Torkelsen har ingen problem med å stå på scenen med Nordbø i showet «Misjonæren og hedningen».

Foto: Ingeborg Skrudland

Hos mange er det tydeleg at saka har sett sinne og sterke kjensler i kok.

Her er ein annan Facebook-kommentar:

«...Torgersen kan ikke stå solidarisk med en artist som mistenkeliggjør og krenker menneskers identitet, moral, intensjoner og samfunnsrolle og samfunnsverdi på denne måten. Jeg støtter Torgersen fullt ut.»

Torkelsen trur på samtale

Ein som ikkje er sint, men som har sine meiningar er komikar og Venstre-politikar Per Inge Torkelsen, som sjølv har stått på scena med Nordbø med showet «Misjonæren og hedningen».

Torkelsen har ikkje sansen for boikott som verkemiddel.

– Eg har tru på samtale og lytting. Det er viktig å ikkje mura att øyra. Sjølv har eg ingen problem med å samarbeida med Nordbø i showet me har om religion, seier han.

Hadde showet deira ikkje handla om religion, men om politikk, kunne det likevel vore annleis innrømmer Torkelsen.

– Hadde han blanda inn politikk kan det hende at eg hadde reagert med taggane ute, men me har eit show som handlar om religion og det trur eg er ganske morosam, seier han.

Har sjølv mista jobbar

Torkelsen har sjølv opplevd å bli boikotta av idretten, og meiner at ein som artist må tola at meiningane dine til ei viss grad kan påverka kor du får jobba.

– Eg forstå arrangørar som kanskje vil vita kor artistar står politisk og religiøst før dei skriv kontrakt om til dømes eit julebord. Eg har sjølv opplevd å mista jobbar når eg har hatt sterke meiningar, men så har eg fått jobbar i andre forum og i andre samanhengar, seier Torkelsen.