NRK Meny
Normal

Fleire bankar har vore ramma av datatrøbbel

Eit samanbrot i datasystemet har ramma bankar i heile landet i ettermiddag opplyser konserndirektør for kommunikasjon Thor-Christian Haugland, ved Sparebank 1 SR-bank.

Minibank SpareBank 1 SR-Bank

SpareBank 1 SR-Bank fekk melding om samanbrot i datasystemet klokka 16.15 i dag.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Dette er ei svært alvorleg hending, og svært beklageleg for kundane, seier Thor-Christian Haugland i Sparebank 1 SR-bank.

Klokka 18.10 kunne han melda at problema var over, men sidan feilen ikkje er kartlagd kan han ikkje garantera at systemet vil vera stabilt utover dagen.

– Rammar breitt

Han forklarar at kjernesystemet til datasystemleverandøren Evry Ergo Group braut saman i 16-tida.

Dette ramma minibankar, nettbankar og betalingsterminalar i butikkar over heile landet.

For berre ei veke sidan opplevde banken eit liknande problem.

– Fokus på å få systemet opp

– Dette er svært frustrerande for kundane. Me kan berre beklaga, seier Haugland.

Informasjonssjef hos Evry, Torgeir Kristiansen, stadfestar at dei hadde eit problem som ramma bankkundane deira.

– I første omgang fokuserte me på å få systemet opp og gå, me vil i etterkant gjera analysar av kva som kan vera årsaka, seier Kristiansen.

NRK.no har også i ettermiddag opplevd store problem med sine datasystem i dag.