NRK Meny

Dårlegare regularitet

Fleire dagar sist veke gjekk det berre to ferjer over Boknafjorden. No viser tal som Haugesunds avis har fått tilgang til, at det ikkje har vore dårlegare regularitet i ferjesambandet Mortavika - Arsvågen, sidan 2014. Så langt i 2017 har det vore ein gjennomsnittleg regularitet på rundt 96 prosent, og det er ein nedgang på tre prosent, samanlikna med i fjor.