NRK Meny
Normal

Ei artistliste av dei sjeldne

Sjå TV-innslaget frå 1990 – då Studentersamfunnet Folken sleit med dårleg økonomi, men var velsigna med lokalmusikk av svært høg kvalitet. Denne kvelden var det duka for The September When, The Mighty Dogfood og Reidar Larsen.

►ROGALAND RETRO: Innslaget blei sendt i TV-Rogaland 4. april 1990. Reporter var John Skien og fotograf var Zbigniew Czaplicki.

Studentersamfunnet Folken i Stavanger gjekk i 1990 med økonomisk underskot for andre år på rad. NRK Rogaland sette fokus på det kulturelle kraftsenteret Folken ved å arrangera Rock'90, med lokale artistar og politikarar i salen.

Med The September When, The Mighty Dogfood og Reidar Larsen på artistlista blei det sjølvsagt litt av ein konsert. Kos deg!

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Folken i 1990

Folken-fasaden i 1990. Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: NRK