NRK Meny
Normal

Kunstnarar ville ikkje ha dansebråk

Om eitt år ser dansemiljøet i Stavanger fram til å ta i bruk heilt nye lokale i kulturhuset Tou scene og kunstfabrikk. Eit skår i gleda er det likevel at dansarane er uønskte av kunstnarane i bygget.

Dansekonflikt på Tou scene

DANSEKONFLIKT: Her er det planlagt ein ny dansesal på 200 kvadratmeter. I etasjen over ligg åtte kunstatelier som blir mest råka.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Når du sit med ein praksis og skal fordjupa deg i noko og høyrer ein bass dundra heile tida så er det mildt sagt veldig irriterandes, seier Susanne Christensen som er ei av nitten kunstnarar som har atelier på Tou Scene og kunstfabrikk i Stavanger.

Basslyden ho snakkar om er den ho fryktar skal kome frå underetasjen til atelieret hennar når bygginga av ein prøvesal for dans blir fullført.

Susanne Christensen og David Calder

Susanne Christensen og David Calder.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Fryktar for arbeidsmiljøet

Med bakgrunn i dette var det at Atelierfellesskapet på Tou Scene gjekk saman om eit protestbrev mot den 200 kvadratmeter store dansesalen. «Atelierhus og dansestudio – umulig samlokalisering» var tittelen på brevet.

– Uroa vår baserer seg på tidlegare erfaring med høg musikk i eit gamalt betongbygg. Me fryktar at lyden kan øydelegga arbeidsmiljøet i huset, seier David Calder, kunsthandverkar som leder styret for atelierfellesskapet på Tou.

I brevet ber atelierfellesskapet om at politikarane revurderer prøvesalen. Det same gjer Bildende Kunstneres Forening Rogaland og Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge i eit liknande brev.

Mai Cecilie Venaas og Beate Vaula

Styremedlem styremedlem i organisasjonen Dansekunst i Stavanger-regionen Beate Vaula og Mari Cecilie Venaas.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Blir ikkje høyrt

– Me har stått utan prøvelokale i veldig mange år nå, og har venta på dette lenge. Me såg endeleg eit lys i tunnelen, seier Mai Cecilie Venaas, styremedlem i organisasjonen Dansekunst i Stavanger-regionen (Dansis) til NRK Rogaland førre veke.

Ikkje lenge etterpå kom kommunen med eit svarbrev i dansaranes favør. Der blir det vist til at lydnivået er akseptabelt, og at dansesalen vil bli ferdigbygd. Det vil likevel vera mogleg å innføra avgrensingar for dansarane viss det skulle bli nødvendig.

Kunstnarane svarer at dei nå vil forholda seg til dette, og verken Christensen eller Venaas fryktar at saka vil forsure klimaet mellom dei to miljøa.

Kunstnarane har ikkje noko å frykta meiner styremedlem Beate Vaula i Dansis.

– Nå jobbar jo ikkje koreografar og dansarar med nattklubbmusikk. Det vil sjølvsagt bli spelt musikk, og det vil vera rørsle i rommet, men det vil haldast på eit normalt dansenivå, seier ho.