NRK Meny
Normal

Dansa for ny barneby i Tanzania

28 dansarar frå STEP-danseskule viste fram kunstane sine i Stavanger i dag. Målet er å retta søkelyset på arbeidet til SOS-barnebyar i Afrika.

Dans for SOS-barnebyar i Stavanger.

SJÅ VIDEO: Desse ungdommane dansa for arbeidet til SOS-barnebyar i dag.

I dag finst det tre SOS-barnebyar i Tanzania. I byen Mwanza, heilt nord i landet, skal det byggast ein heilt ny barneby. Barnebyen vil gi ein heim til foreldrelause barn.

Dans og pr-stunt

Det er dette som er bakteppet for dansen du ser i videoen over. Midt i ein travel handlelaurdag i Stavanger sentrum i dag dukka det opp ein såkalla «flash mob».

Ragne Rødstøl

Ragne Rødstøl, fylkesleiar i SOS-barnebyar Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Enkelt forklart betyr det at ei gruppe menneske samlast for å utføra noko som skaper merksemd på ein offentleg plass.

Denne gong var det ein dans og eit pr-stunt for å rekruttera folk til morgondagens barnebymarsj i Stavanger, forklarer Ragne Rødstøl, fylkesleiar i SOS-barnebyar Rogaland.

– Målet med marsjen i morgon er å gå inn mest mogleg pengar til den nye barnebyen i Mwanza i Tanzania.

Heilt i startfasen

Marsjen søndag går gjennom ei fire kilometer lang løype i Stavanger sentrum. Langs løpa vil det vera ei rekkje aktivitetar for store og små.

– Det kostar 100 kroner for vaksne å delta, for barn er det gratis. Pengane går uavkorta til Rogalandshuset som me bygger i den nye barnebyen.

Bygginga av barnebyen er heilt i startfasen. Denne veka blei gravearbeidet påbegynt.

– Me mobiliserer til det me meiner er haustens mest meiningsfulle søndagstur, og håpar flest mogleg blir med, seier Rødstøl.

Marsjen i morgon går av stabelen klokka 12 (start frå klokka 12-13.30). Oppmøte blir på Torget.

Meir informasjon om marsjen finn du på SOS-barnebyar sine heimesider her.