NRK Meny
Normal

Sei hei! Ver ein venn! BlimE!

I dag dansa skuleelvar over heile landet «BlimE-dansen». På Vaulen skule i Stavanger har dei øvd på dansen i heile haust.

Elevane på Vaulen skule var blant over 180 000 elevar som dansa BlimE-dansen

VIDEO: Elevane på Vaulen skule i Stavanger dansa «BlimE-dansen» i dag.

– Me sang BlimE! Årets sang liksom og dans, seier elev Nicolas Herrem på Vaulen skule.

Klokka tolv i dag var 500 elevar samla i skulegården for å synge og danse til BlimE-sangen. Men dei var ikkje aleine. Over 180000 elevar, ved 850 skular over heile landet deltok.

Dansa BlimE-dansen på Vaulen skole

Katarina Harestad Haukaas og Nicolas Herrem leda «BlimE-dansen» frå scenen.

Foto: Erik Waage/NRK
Dansa BlimE-dansen på Auglend skole

Også på Auglend skule i Stavanger dansa dei i dag.

Foto: Anna-Kristin Larsen

– NRK Super har laga ein sang. Og så er det veldig mange elevar rundt i heile landet som synger og danser til den, seier elev Katarina Harestad Haukaas.

Det er tredje gong at NRK Super arrangerer ein dans på same tid over heile landet. Men aldri før har så mange elevar vore med.

Handlar om å bry seg

Årets tema var nettvett. Mange barn er aktive på sosiale medier, og formålet med «BlimE» er å inspirere alle barn i Norge til å sjå kvarandre og bry seg om kvarandre.

Og elevane sjølv har ein klar oppfatning om kva det er dei syng om.

– Det er ein sang som alle kan vera med på. Ein sang som handlar om å vera vennar, seier Nicolas.

– Det handlar om at alle skal få vera med på leiken. Alle skal vera snille og greie mot kvarandre, seier Katarina.

Created by InfoDispatcher