Hopp til innhold

Dalande besøkstal for julemarknader

Både i Egersund og Haugesund opplever julemarknadene ein markant nedgang i besøkstalet i forhold til i fjor. – Vêret har skulda, seier arrangørane.

Julebyen i Egersund

FÆRRE BESØKJANDE: Talet på besøkjande til Julebyen i Egersund er til halvert i forhold til i fjor. Bilete syner likevel at dei frammøtte viser stor interesse for utstillingane.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Henrik Einar Seglem

OPTIMIST: Juleby-sjef i Egersund Henrik Einar Seglem har tru på at det kjem mange folk for å oppleva julebyen i Egersund i helga.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

I Egersund melder Nsb om glisne tog til og frå årets juleby. Åtte ekstratog som var sett opp hadde langt færre passasjerar i opningshelga enn dei hadde håpa på:

Besøkstal halvert

– I fjor frakta me mellom 5 og 6.000 og i år har me frakta om lag 3.000 frå Stavanger-området ned til Egersund, seier marknadsansvarleg på Sørlandsbanen og Jærbanen, Dag Brekkan.

Han presiserer at det var dårleg vêr i helga, noko som truleg også var årsaka til færre besøkjande på julemarknaden Haugesund. Der er dei avhengige av godt vêr for å gå i balanse:

– Me er avhengige av at folk kjem til marknaden og kjøper julemarknaden sine eigne produkt som glaskuler, kaffi, vaflar og mat, den økonomien treng me, seier sjef for julemarknaden i Haugesund Tor Inge Fredriksen.

Besøket var likevel noko betre enn i Egersund, men ikkje i nærleiken av like bra som i fjor:

Dårleg vêr i sikte

– Då hadde me knallvêr og meir folk. Men med tanke på det vêret som var er me veldig nøgde med at det kom så mange folk som det faktisk gjorde opningshelga, seier Fredriksen.

I dag startar julemarknadene i Egersund og Haugesund opp att, og Yr.no varslar om ausande regn både i dag, fredag og sundag ettermiddag i begge byane.

Juleby-sjef i Egersund Henrik Einar Seglem er likevel optimistisk.:

– Viss det berre er opphald blir det veldig fint. Eg har tru på at det kjem mange folk, det gler me oss til og me er klar til å ta i mot alle som vil koma, seier han.