Hopp til innhold

Dagbladet frifunne i lagmannsretten

Ein privatetterforskar som saksøkte Dagbladet for injurie har tapt saka i Borgarting lagmannsrett. Etterforskaren meinte seg æreskrenkja i avisa i kjølvatnet av drapet på Birgitte Tengs i Karmøy i 1995.

Dagbladet

Ein privatetterforskar krevde 2,7 millionar kroner i oppreising frå Dagbladet, etter tre avisoppslag i 2007.

Foto: Morten Holm, Holm, Morten / Scanpix

Advokat Frode Elgesem

Advokat Frode Elgesem talte Dagbladet sin sak då saka gjekk for Borgarting lagmannsrett 3. oktober.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Det var tre ulike avisoppslag i januar 2007 privatetterforskar Harald Olsen fann så æreskrenkjande at han gjekk til søksmål mot Dagbladet.

Det eine oppslaget var å finna på framsida til avisa 5. januar, og var eit sitat: «– Jeg oppfatter Olsen som en ynkelig bedrager,...». Utsagnet kom frå ein tidlegare klient av etterforskaren.

Konflikt mellom etterforskar og familie

Konflikten mellom Olsen og Dagbladet har kome i etterkant av drapet på sytten år gamle Birgitte Tengs i 1995.

Etter ho blei funnen valdteken og drepen på Karmøy blei den eine fetteren hennar dømt for ugjerninga, men seinare frifunnen.

Trass dette måtte fetteren framleis betala oppreising til familien til Birgitte Tengs, ei avgjersle som seinare blei oppheva av Menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg.

Privatetterforskaren var ein av fleire forsvararar som jobba for fetteren og familien hans i denne rettsprosessen.

Då han skulle få oppgjeret sitt meinte han det var fleire hundre tusen kroner for lite. Dette kravet har både tingretten og lagmannsretten avvist.

Dermed oppstod det ei konflikt mellom familien til fetteren og privatetterforskaren.

Det var i denne samanheng Dagbladet trykte utsegn frå far til fetteren om sin tidlegare privatetterforskar.

Tapte i tingretten og lagmannsretten

Etterforskaren har tidlegare saksøkt faren til fetteren for injuriar, ei sak han i 2009 tapte i Gulating lagmannsrett.

Nå skriv Norsk redaktørforeining på nettsidene sine at Olsen også har tapt injuriesaka mot Dagbladet.

I dommen frå Borgarting lagmannsrett står det:

«Alle tre utsagnene er basert på forhold som det i det alt vesentlige var belegg for.»

Privatetterforskaren må nå betala retten sine sakskostnader med 322.282 kroner.