Hopp til innhold

Plutseleg uvêr skapte trøbbel for cruiseskip

Cruiseskipet Aurora fekk store problem då det skulle gå frå hamn i Stavanger. – Heldigvis var det mange slepebåtar tilgjengeleg, seier Anders Bang Andersen frå Stavangerregionen Havnedrift.

Cruiseskipet Aurora fekk store problem då denne skulle gå frå hamn i Stavanger måndag ettermiddag. – Heldigvis var det mange slepebåtar tilgjengeleg, seier Anders Bang Andersen frå Stavangerregionen Havnedrift.

Ivar K. Ingvaldsen filma dramatikken frå balkongen sin på Bjergsted i Stavanger. Den raude båten til høgre i bilete kjem til for å hjelpa. Hadde den ikkje gjort det, kunne cruiseskipet kanskje ha krasja inn i kaien.

  • Siste: Losoldermann Henry Djupvik seier at dei tysdag har fått oppklaring i kva som gjekk gale måndag kveld. – Det var svikt på vinsjen til ein av taubåtane saman med vind med storm i kasta, som førte til problem med Auroras avgang. Ein venta derfor til ein ny taubåt kom på plass.

– Det var svært dramatisk. Båten gjekk i stor fart mot kai. Eg berre sat og venta på at dei skulle få gang i den siste taubåten. Til slutt kom den og berga situasjonen, seier Ivar K. Ingvaldsen.

Han filma frå balkongen sin i bydelen Bjergsted i Stavanger då det nesten gjekk gale under avgangen til den 270 meter lange cruisebåten Aurora.

Plutseleg uvêr

Det var like før klokka 18 måndag ettermiddag at eit plutseleg uvêr skapte store problem for den svære båten i Vågen i Stavanger sentrum.

– Båten skulle gå frå kai, og hadde bestilt to taubåtar for å hjelpa til, slik som er vanleg, fortel Trond Andersen, som er maritim sjef i Stavangerregionen Havnedrift AS.

Det viste seg likevel at to taubåtar ikkje var nok. For plutseleg blåste det stikker og strå i byen.

Anders Bang-Andersen

Anders Bang Andersen er cruiseutviklar i Stavangerregionen Havnedrift. Han skal ta opp dagens hending med reiarlaget P & O Cruises neste veke.

Foto: NRK

– Då losen såg kor sterk vinden blei så kalla dei inn ein ekstra slepebåt. Det tok litt tid, men med tre slepebåtar fekk dei til slutt kontroll på situasjonen, sa losoldermann i Rogaland losoldermannskap, Henry Djupvik til NRK måndag kveld.

Tysdag har han vore i dialog med alle dei involverte partane, og har følgjande forklaring på det som skjedde:

– Det var svikt på vinsjen til ein av taubåtane saman med vind med storm i kasta, som førte til problem med Auroras avgang. Ein venta derfor til ein ny taubåt kom på plass.

Skal ta opp hendinga med reiarlaget

Det er uvisst kor mange passasjerar det var i båten, men det er plass til 1.800 passasjerar.

Havnevesenet skal gå gjennom hendinga med reiarlaget.

– Me skal ha eit møte med P & O Cruises neste veke. Då vil det vera naturleg at me går gjennom dagens hending, seier Anders Bang Andersen som er cruiseutviklar i Stavangerregionen Havnedrift.

– Kva tenker du om hendinga?

– Heldigvis var det veldig mange slepebåtar tilgjengeleg i Stavanger då det skjedde, noko som gjorde at ein verre situasjon blei avverja. Men vêret kan me aldri gardera oss mot, og eg kjenner meg komfortabel med situasjonen.

Skal skriva rapport

Også losoldermannen seier at det er vanskeleg å gardera seg mot denne type uvêr.

– Alle blei veldig overraska over at det kom så kraftig vind. Utanom at det tok litt lang tid å få kontroll, så var det ingenting som gjekk gale, seier Djupvik.