Hopp til innhold

Colin Bell er ferdig i Avaldsnes

Den britiske trenaren Colin Bell, som vann meisterligaen med Frankfurt i fjor, vender tilbake til Tyskland. Det melder Karmøynytt.

Colin Bell

KOM GRATIS: Det var i desember 2015 det blei kjent at suksesstrenaren Colin Bell kom til den norske Toppserien. Han gjekk gratis til Avaldsnes.

Foto: Ronny Hartmann / Afp

– Avaldsnes damer elite har gjort det me kan for å behalda Colin Bell, skriv klubben om trenaren på heimesidene sine.

Årsaka til at den engelske suksesstrenaren likevel vender tilbake til Tyskland, skal vera at familien vil ha han tilbake. Han har derfor takka ja til trenartilbod frå ein tysk klubb står det i pressemeldinga.

– Heilt hjarteskjerande

– Hovudårsaka til at han reiser er at familien ville ha han heim. Me har lært mykje av å ha Colin Bell her, seier Lars Inge Vatnem, som er leiar for Avaldsnes damer elite.

Trenarutviklar Kent Michael Bøe tek over trenarrolla fram til klubben har funne ein erstattar for Bell.

Bell vann meisterligaen som trenar for FFC Frankfurt i 2015, men ønskte seg til Avaldsnes i 2016. Avaldsnes ligg i dag på andreplass i toppserien.

– Eg vil takka alle dei fantastiske folka som eg har fått jobba med her. Det har vore veldig emosjonelt for meg. Heilt hjarteskjerande, seier Bell til Karmøynytt.