NRK Meny

Colin Bell er ferdig i Avaldsnes

– Avaldsnes damer elite har gjort det me kan for å behalda Colin Bell, skriv klubben om trenaren på heimesidene sine. Årsaka til at den engelske suksesstrenaren nå vender tilbake til Tyskland, skal vera at familien vil ha han tilbake. Han har også takka ja til trenartilbod frå ein tysk klubb. Trenarutviklar Kent Michael Bøe tek over hovudansvaret inntil ein erstattar for Bell er på plass. Det var Karmøynytt som først melde om trenar-exiten.