Ny norsk siger i europeiske Bocuse d'Or

Christian André Pettersen og det norske laget vann Bocuse d'Or Europa i 2018. I dag forsvarte dei tittelen med gull for andre gong.

Noreg vinn Bocuse d'Or Europa 2020.

FORSVARTE TITTELEN: Christian André Pettersen, assistent Even Strandbråten Sørum og trenar Gunnar Hvarnes forsvarte den norske tittelen i Bocuse d'Or Europa i Tallinn.

Foto: Lauri Laan

– Ein er sjølvsagt heilt tom etter ein dag som dette, men det kjennest veldig godt, seier Pettersen til NRK etter sigeren.

I Tallinn konkurrerte fredag nokre av Europas beste kokkar om den prestisjetunge sigeren i Bocuse d'Or Europa.

I spissen for det norske laget er Christian André Pettersen. Han vann konkurransen også i 2018.

I fjor tok han bronse i verdsfinalen i Lyon. Etterpå måtte Pettersen innrømme at han var litt skuffa. Så då prøver han på ny. Og først måtte han altså gjennom Europa-nålauget på ny.

Christian André Pettersen tok gull i Bocuse d'Or Europa 2020

VANN IGJEN: For to år sidan vann Noreg, med Christian André Pettersen i spissen, Bocuse d'Or Europa. I dag vann han igjen.

Foto: Arne Sørvig

– Vi hadde satsa på nokre rettar vi ikkje var sikre på at ville bli aksepterte, seier han.

Når tenkte du at sigeren var i boks?

– Då Danmark blei ropt opp på andreplass, så visste eg at vi tok gullet, seier bodøværingen.

Koronaprega tevling

I meisterskapen konkurrerer 16 av dei beste kokkane i Europa. Dei ti beste får dra til verdsmeisterskapen i Lyon i 2021. Pettersen var ikkje trygg på sigeren på forhånd, fortel han i etterkant, med pokalen i handa.

Dei tre andre i den norske kvartetten som henta heim gullet er commis, altså assistent, Even Strandbråten Sørum, trenar Gunnar Hvarnes, og president i Akademiet for Bocusekokker, Tom Victor Gausdal.

Team Norge. Norsk Gastronomi.

NORSKE VINNARAR: Desse fire tok gull i kokkekunst i Tallinn i dag, og forsvarte dermed Noreg sin europeiske tittel som aller best i matlaging.

Foto: Jonas Haarr Friestad

Sverige tok bronse i eit arrangement prega av smittevernreglar.

Med munnbind på dei fleste i lokalet, og utan publikum på tribunen.

Sat spente i Sandnes

Bodøværingen har vore kjøkkensjef på restauranten Mondo i Sandnes. Ein spent heiagjeng med norske flagg og kubjøller venta på svaret frå juryen.

– Ein veit ikkje før ein veit, men det ser bra ut, seier kollega og trenar av Pettersen, Rasmus Skoglund.

Heiagjeng i Sandnes.

HEIAR HEIMANFRÅ: Kvar gong Christian André Pettersen er med i store internasjonale konkurransar sit ein lojal gjeng i Sandnes og følger med.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Då Danmark tok andreplassen, fann dei fram champagnen.

Kva gjer at gjer at Christian vinn, om han blir ropt opp no?

– Eg trur det er det at vi våga å lage ein annleis fiskerett, seier Skoglund.

Og Noreg og Christian André Pettersen får namnet sitt ropt opp. Jubelbrølet er overdøyvande både på straumen frå Tallinn og i Sandnes.

Siktar på å vinne

Ellen Therese Ims er sambuaren til gullvinnar Pettersen. Ho fortel at det krev ufatteleg mange timar med intens øving før ein slik konkurranse.

– Men denne gongen fekk eg lov å vere med, så for min del har det vore heilt supert, ler ho.

Ørjan Johannessen

TIDLEGARE GULL: Noreg har vunne VM i kokkekunst fleire gongar, og har flest medaljar i Bocuse d'Or av alle land i verda. Her vinn Ørjan Johannesen i 2015.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / Afp

Fjorårets bronse gjer at Noreg er landet som har vunne flest medaljar for maten sin i Bocuse d’Or. Sidan oppstarten i 1987 har Noreg no vunne fem gull, tre sølv og tre bronsar.

Dei skandinaviske landa er dominerande i Bocuse d'Or, med Danmark som fjorårets VM-vinnar, og Sverige og Noreg på andre- og tredjeplass.

FRANCE-FOOD-GASTRONOMY-CONTEST-BOCUSE

TOPP TRE 2019: Vinnar av Bocuse d’Or Kenneth Toft-Hansen i midten, med svensken Sebastian Gibrand og Christian Andre Pettersen på kvar sin kant.

Foto: JEAN-PHILIPPE KSIAZEK / AFP