Hopp til innhold

Marianne Chesak blir ny fylkesordførar i Rogaland

Ap, Sp, KrF, MDG og Venstre er einige om å styre Rogaland dei neste fire åra. Marianne Chesak (Ap) overtek som fylkesordførar etter Solveig Ege Tengesdal (KrF).

Marianne Chesak

Marianne Chesak (Ap) har vore fylkesvaraordførar i Rogaland dei siste fire åra. No blir ho fylkesordførar.

Foto: Stine Rørvik / NRK

Ap, Sp, KrF, MDG og venstre er einige om å samarbeide, og skal sitte i posisjon i fylkeskommunen dei neste fire åra.

I kveld presenterte dei det nye fleirtalet, posisjonane og den politiske plattforma.

– I fire år har KrF, Sp, V og Ap jobba saman i posisjon. Det er ein grunn til at vi fant saman for fire år sidan. Og det er ein grunn til at vi alle ønska å fortsette med det same laget denne perioden, seier påtroppande fylkesordførar Marianne Chesak (Ap).

Inkluderer MDG

Dei fira partia var samstemde om å invitere med seg MDG allereie valkvelden.

– Sjølv om me kjem frå ulike parti, deler vi grunnleggjande verdiar og tankar om kva slags Rogaland vi ynskjer oss. Det handlar om ei satsing på skule, samferdsel og økt framkomelegheit.

Alexander Rügert-Raustein frå Miljøpartiet Dei Grøne blir leiar for samferdselsutvalet.

Tufta på FNs berekraftsmål

Samarbeidspartia ynskjer seg ein open og nyskapande fylkeskommune som skapar verdiar, sikrar arbeidsplasser og legg til rett for grøn utvikling i heile fylket.

– Ap, KrF, Sp, V og MDG står saman om å strekke seg litt lenger enn det som er vanleg for å skape eit fylke som ikkje berre har god økonomisk styring, men som også er berekraftig. Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at den ferske plattforma vår er tufta på FNs berekraftsmål, seier Chesak (Ap).

Flertallspartiene i Rogaland

Desse skal styre Rogaland dei neste fire åra. Frå venstre: Kjartan A. Lunde (V), Solveig Ege Tengesdal (KrF), Alexander Rügert-Raustein (MDG), Marianne Chesak (Ap) og Arne Bergsvåg (Sp).

Foto: Stine Rørvik / NRK

Følgjande posisjonar er fordelt mellom dei ulike samarbeidspartia:

Fylkesordførar Marianne Chesak (Ap)

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (Sp)

Leiar av regional- og kulturutvalet: Ap

Leiar av opplæringsutvalet: Solveig Ege Tengesdal (KrF)

Leiar av samferdselsutvalet: Alexander Rügert-Raustein (MDG)

Venstre tiltrer som medlem i fylkesutvalet, regional- og kulturutvalet og samferdselsutvalet.