Hopp til innhold

Helikoptera til oljeplattformene sett på bakken

Over 50 flygingar til oljeinstallasjonane utanfor Noreg er råka. Årsaka er at den daglege leiaren i CHC Helikopterservice slutta brått i går. Dermed har Luftsfartstilsynet trekt godkjenninga.

Helikopter står på bakken ved Stavanger lufthavn

Alle CHC sine helikopter som transporterar arbeidarar til Nordsjøen og Norskehavet er sett på bakken.

Foto: Odin Omland / NRK

Oljearbeidarar i heile landet kjem no verken til eller frå plattformene i havet. Pressetalsperson i Equinor, Eskil Eriksen, stadfestar at selskapet er råka av helikopterstansen.

– Dette får konsekvensar for personellbytte, men dette er situasjonar som installasjonane er godt vande med å handtere. For eksempel når helikoptertransporten blir innstilt på grunn av vêr eller andre årsaker, seier Eriksen.

Ifølge Stavanger Aftenblad, som omtalte dette først, har Luftfartstilsynet ikkje kunne godkjenne flygingane fordi det trengst ein dagleg leiar som er ansvarleg.

I går trekte den daglege leiaren seg brått.

Tre helikopter står på bakken ved Stavanger lufthavn, Sola

Kring 40 flygingar er kansellerte hittil i dag.

Foto: Odin Omland / NRK

– Vi er avhengige av å bytte personell som går av skift og bytte de, så det er det dette handlar om, seier Eriksen.

Equinor blei varsla av CHC om at helikoptera var sett på bakken og avventar no prosessen som selskapet må gjennom for at trafikken kan takast opp att.

Håper å kome raskt i gang

Vegard Einan er pressekontakt i CHC og seier dei no jobbar på spreng for å kome i gang så raskt som råd.

– Vi har ein ambisjon om at flygingane skal starte opp så snart som mulig, og vi er i ein tett dialog med Luftfartstilsynet for å sørge for at dei får den dokumentasjonen dei treng, seier Einan.

Like etter 22.30 informerer CHC NRK om at ei skriftleg godkjenning tidlegast kan vera klar rundt klokka 12.00 i morgon, onsdag 21. september. Ingen flygingar vil starte før godkjenninga er på plass.

Luftfartstilsynet skriv i ein e-post til NRK at dei har mottatt søknad om godkjenning av ny dagleg leiar. Per nå kan dei ikkje seie kor lang tid det vil ta. Dei understrekar at dei prioriterer saka høgt.

Einan i CHC understrekar at redningshelikoptera som selskapet opererer ikkje er råka av stansen.

– Kvifor let de dette skje, at ein leiar som trekker seg råkar trafikken?

– Det er slik at Luftfartstilsynet berre godtek ein godkjent leiar i den rolla, difor er vi i denne situasjonen no. Men eg kan ikkje kommentere forholda rundt dagleg leiar og kan ikkje kommentere kvifor han trekte seg, seier Einan.

I ettermiddag har fire flygingar frå Sola flyplass fått ny tid. Resterande avgangar frå CHC er kansellerte, ifølge Heliport.

– Det er veldig uhyggeleg å kansellere avgangar, men det er regler som bestemmer kor lenge mannskapet kan vente. Derfor var vi nøydde til å ta den avgjerda.