– Eg gler meg til å slappe av og vite at det er her eg skal bu, seier Camilla Herrem.
Det har gått ei veke sidan draumen om å vinne meisterligaen blei knust. Hennar siste kamp for makedonske HC Vardar enda med tap for ungarske Györ etter ekstraomgangar.
Dette var truleg Herrem sin siste moglegheit til å vinne Meisterligaen, som er det einaste trofeet ho manglar.
– Det var tungt på måndagen då eg kom heim. Då låg eg på sofaen heile dagen utan å røre meg, seier Herrem.
Vil kjempe i toppen
No har den verste skuffelsen lagt seg, og Herrem er klar for å halde fram handballkarrieren, denne gongen i barndomsklubben Sola.
– Eg gler meg massevis til å spela for Sola. Eg har følgt nøye med på laget i alle år, også når eg har vore ute. Trenaren kjenner eg kjempegodt, og spelarane har eg trent med når eg har vore heime i feriar, seier Herrem.
Sjølv om nivået blir eit anna, trur ho at den nye klubben hennar kan vera med å kjempe i toppen av tabellen.
– Ambisjonen må jo vera å bli blant dei fem beste i serien. I fjor blei det åttande plass, men dei tapte fleire kampar med eitt mål. Med litt meir stabilitet er vi med heilt i toppen, seier Herrem.
Startar til hausten
– Me må nok slost hardt for kvart poeng, men det gjer oss berre betre. Eg skal i alle fall bidra med full innsats, og så får eg prøve å dele litt av erfaringa mi med dei yngre spelarane, legg ho til.
Kontrakten med Sola startar 1. august. Før den tid skal Herrem flytte inn i nytt hus saman med ektemannen, handballspelar Steffen Stegavik. I tillegg blir det mykje tid med familie og venner.
– Det er så godt å ikkje berre vera på besøk her. No får me endeleg starte eit vanleg liv, seier Herrem.