NRK Meny
Normal

Byta ut rus med Jesus

Ved hjelp av kollekt og bidragsytarar hjelper pinsekyrkjelyden Klippen i Sandnes rusmisbrukarar tilbake til eit rusfritt liv. Men om dei flyttar tilbake til Sandnes, plasserer kommunen mange inn att i det gamle rusmiljøet.

Jan Kyllevik

FANN JESUS: Jan Kyllevik bestemde seg for å gjera ei endring i livet.

Foto: NRK

I femten år har pinsemeinigheita Klippen i Sandnes hjelpt dei som vil ut av eit liv fylt med rus. Kvart år sender dei rundt 25 rusmisbrukarar til behandling. Ved hjelp av kollekt og støtte frå næringslivet betalar dei både flybillettar og lommepengar.

Merete Ånestad (t.h.)

FORTVILA: Merete Ånestad om tilbodet mange får når dei kjem tilbake frå rehabilitering.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

– Me kan hjelpa dei med å søka på vidare behandling. Så kan me fylgja dei opp med å vera med på ansvarsgruppemøter og anna som trengst på vegen vidare, seier Merete Ånestad.

Ho er dagleg leiar på kontaktkafeen til Evangeliesenteret, No. 13, der dei blant anna deler ut gratis middag to gonger i veka.

Frå fengsel til evangeliesenter

Jan Kyllevik (43) frå Stavanger er ein av dei som har fått eit nytt liv med deira hjelp. Då han slapp ut frå fengsel etter å ha sona sin siste valdsdom, hadde han bestemt seg for at han var ferdig med rus og kriminalitet.

– Eg gjekk til kafeen, så gjekk det 10 minutt før eg fekk beskjed om «kom att i morgon, så har me flybillett til deg».

Fire dagar etter han slapp ut, stod han på eit evangeliesenter i Oslo. Etter rehabiliteringa har han valt å busetja seg på Austlandet for å koma seg vekk frå det gamle miljøet sitt

– I dag lev eg eit heilt anna liv. Eg har vore rusfri i to år, og har fått lov å oppleva å bli ei velsigning for familien min, framfor ei forbanning, seier Kyllevik.

Blir sendt tilbake av kommunen

I kafeen er dei ikkje imponerte av kommunen sitt tilbod til dei som har teke det første steget på veg mot eit rusfritt liv. Meinigheita har ei rekke døme på at folk som har teke steget ut av rusen, blir plasserte i hospits og bustadar saman med andre misbrukarar.

– Når dei bur på bedriftshotellet har dei ikkje sjanse til å greia noko vidare utover det, seier Merete Ånestad.

– Eg kan fella nokre tårer om eg tenkjer på det, og eg kjenner at det gjer vondt innvendig. Eg blir ganske fortvila, fortel ho.

Kommunen: – Ikkje godt nok

Annelin Tangen

IKKJE I MÅL: Annelin Tangen (Ap) seier ventelistene for bustad går ned.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

– Det er ikkje godt nok, innrømmer Annelin Tangen (Ap), som er nyvald leiar av utval for helse og omsorg i Sandnes. Kommunen har i årevis slite med å finna bustader til dei rusavhengige, og er blant verstingane når det kjem til bruk av hospits.

– Me er ikkje i mål, men ventelistene for å få bustad går ned. Det er mykje bra som skjer, men det er eit stykke å gå før me er der me ønskjer, seier Tangen.