NRK Meny
Normal

Byggjer straumnett for fem milliardar på Jæren

Dei neste 10 åra skal Lyse investera fem milliardar kroner i straumnettet som forsyner Rogaland med straum. Sjansen er stor for fleire feil i framtida dersom ingenting blir gjort med linjene.

Lyse oppgraderer straumnettet
Foto: Fredrik Ringe

Lyse, kart over nye Jærnettet
Foto: Lyse

– Etter kvart som folketalet og næringslivet har blitt større, så har ein brukt opp den ledige kapasiteten i nettet, seier Torbjørn Johnsen, som er administrerande direktør for Elnett i Lyse.

Kapasitet på straumnettet på Sør-Jæren er sprengd, og ikkje godt nok til å møta framtidas energikrav. Lyse reknar med ei folkeauke på Sør-Jæren på over femti prosent innan 2040, då må nye linjer på plass. Fem milliardar skal investerast over 10 år.

Over ein tredjedel er snart for gamle

Jærnettet omfattar regionalnettet i området mellom Stokkeland transformatorstasjon i Sandnes og Kjelland transformatorstasjon i Eigersund kommune. Det er tolv trafostasjonar som utgjer jærnettet, som no skal utbetrast.

Sist gong det var så store utbyggingar på nettet var på 70- og 80-talet. Om mindre enn ti år vil 31 av 85 kilometer med linjer vera forbi forventa levetid.

«Det er stort sannsyn for at me får fleire feil i framtida dersom det ikkje blir gjort noko med dagens straumnett», skriv Lyse om forsyningstryggleiken i jærnettet. Lyse skal no i gang med planarbeidet.

– Vil dette syna att på straumrekninga til forbrukarane?

– Nei, eg trur ikkje det blir veldig store tal som blir synlege der som følgje av dette, seier Johnsen.

Blir det «Monstermaster»?

Torbjørn Johnsen, administrerende direktør i Lyse Elnett AS
Foto: Espen Mills

Men om Jæren blir stappfull i linjemaster eller ikkje er for tidleg å seia noko om, ifølgje Johnsen.

– Det ligg jo ein god del linjer der i dag, både som luftlinjer og ein kombinasjon av det og kabel i bakken. Dei nye linjene vil i all hovudsak følgja dei eksisterande traseane, seier han.

Ordførar i Hå kommune, Mons Skrettingland (H), vil verken ta sorger eller gleder på forskot.

– Eg vil ikkje seia noko i forkant om kva dette bringar med seg. Me har ikkje fått nokon planar eller noko som helst, så eg veit ikkje meir enn deg, svarar han på spørsmålet om hans tankar om prosjektet.