– Eg gler meg veldig til nye Gamlingen og den nye badstua. For det blir felles badstue også på nye Gamlingen, det sa Stavanger-ordførar, Christine Sagen Helgø, rett før ho tok det første spadestikket.
Eller skal me heller seia gravemaskinstaket. For det var i førarsete på ei gravemaskin at Stavanger-ordføraren fekk æra av å starte bygginga av bassenganlegget.
– No er me i gong med gravinga, og det er me veldig glade for. Gamlingen betyr mykje for folk i Stavanger. Det er 100 000 besøkande kvart år. Folk badar heile året, og no sørger me for at dei også får gjort det i framtida, seier Sagen Helgø.
- LES OGSÅ:
Nye Gamlingen skal erstatte Gamlingen, som må rivast grunna utbygginga av Ryfast. Det nye symjeanlegget skal etter planen stå ferdig i 2017.
Artikkelen held fram under bilete
Møtte opp med flagg
Mange hadde møtt opp for å feire at bygginga no er i gong. Før gravestart gjekk mellom 50–60 personar i tog med norske flagg, frå gamle til nye Gamlingen.
- LES OGSÅ:
– Eg kan ikkje beskrive det. Eg er klar til å stupe uti, seier Anne Marie Austebø i Gamlingens venner.
Ho møtte opp i dag med eiga spade, og badehette på hovudet. Ho legg ikkje skjul på at ho gler seg til det står ferdig.
– Du går og ventar på noko stort som skal skje, det er nesten som å vente på ein fødsel, det er like stort, seier ho med begeistring.
Sjå Stavanger kommune sin animasjonsfilm om bygginga av nye Gamlingen utandørs symjeanlegg og dei to tvillinghallane på Hundvåg og i Kvernevik: