Hopp til innhold

Bygger brannstasjon i vasskanten i flaumutsett område

Ein ny brannstasjon må kanskje hevast på grunn av flaumfare. – Hysterisk, seier utbyggaren om flaumsikringskrava kommunen kjem med.

Mellombels brannstasjon i Egersund

1,4 M.O.H.: Her på Langholmen i Eigersund blir det nå bygd ein hall som etter planen skal fungera som brannstasjon i tre år. På det lågaste punktet er hallen berre 1,4 meter over havet, i det som Fylkesmannen kallar eit flaumutsett område.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Eigersund er ein flaumutsett kommune. No skal kommunen få ein mellombels brannstasjon like ved sjøkanten.

Brannstasjonen ligg berre 1,4 m over havet på det lågaste. I reguleringsplanen er sikker høgd 2,3 meter.

– Dei har to val, anten må dei heva grunnen som brannstasjonen står på, eller må dei setja inn såkalla kompenserande tiltak, seier kommunalsjef for informasjon Leif Broch.

Han stolar på at dette skal gå i orden, sjølv om utbyggar ikkje legg skjul på at dei meiner stasjonen ligg meir enn høgt nok, også om det skulle koma kraftig springflod.

– Hysterisk

– Det har lege næringsbygg her i meir enn 20 år, som aldri har vore utsette for flaum, seier Ragnvald Albretsen, som er konsernsjef i selskapet Seabrokers, som eig tomta.

Men dette argumentet held ikkje mål når det kjem til etablering av ein brannstasjon, ifølgje Fylkesmannen. Derfor har også kommunen nå bedt Seabrokers om ein sakkunnigrapport.

– Eg meiner det blir hysterisk. Men me skal sjølvsagt levera nok ein rapport som seier at dette er eit trygt område, om det er det dei vil ha. Så får me håpa dei tek til fornuft, seier Albertsen.

Vurderer å klaga

Lone Merethe Solheim

Lone Merethe Solheim, avdelingsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka

Det er sett visse krav til avstand frå havoverflata. Og dette er av ein god grunn, meiner Fylkesmannen.

– Brannvesenet er til for å redde liv. Ein brannstasjon må vera tilgjengeleg ved brann. Den må vera på eit flaumsikkert nivå, seier Lone Solheim, avdelingsleiar hos Fylkesmannen i Rogaland.

I løpet av dei neste dagane skal Fylkesmannen gå gjennom vedtaket frå kommunen og sjå på om det er delar dei vil klage på.

Viktig at brannstasjon ikkje blir sett ut av spel

At det herskar så mykje uvisse rundt eit bygg som har kome så langt i bygginga er ikkje bra, meiner ordføraren.

– I denne saka har det skjedd ein del ting som openbart skulle vore annleis. For oss politikarar er det viktigaste at me får på plass ein mellombels brannstasjon så snart som råd, seier ordførar Odd Stangeland i Eigersund.

Situasjonen har oppstått etter at Arbeidstilsynet i fjor slo fast at brannmannskapet deira jobba under helsefarlege og ulovlege forhold. I hui og hast blei ein mellombels brannstasjon planlagt, og bygginga blei starta opp.

Erik Larsen

Tillitsmann og brannkonstabel Erik Larsen viser fram kor trongt dei har det i brannstasjonen der dei held til i dag. Han seier at dei er opptekne av å koma seg ut så fort som råd, men at dei sjølvsagt ønsker seg eit lovleg bygg.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Men nå kan det vera bråstopp på grunn av den nemnde flaumproblematikken, og problem med trafikale forhold.

Fryktar helseskadeleg bygg

I tillegg til Fylkesmannen skal også Vegvesenet innan kort tid ta ei avgjersle på om dei skal klaga på brannstasjon-vedtaket.

Dermed fryktar brannmannskapet at dei må jobba lengre i bygget som er helseskadeleg.

– For oss var det reine julekvelden då me fekk beskjed om at me skulle inn i nye lokale, men nå ser det ut som om dette kan dra ut i tid. Eg torer ikkje lenger håpe at me er inne til 17. mai, slik me har blitt lova, seier Erik Larsen som er tillitsmann ved Eigersund brannstasjon.