Hopp til innhold

Bøn frå butikkar med post: – Hent pakkane dine så fort du kan

SANDNES (NRK): På lageret til Joker Sandved er det ikkje plass til daglegvarer. Grunnen er eit lass av pakkar som ventar på å bli henta.

Stappfull Joker-butikk

FULLT PÅ LAGERET: Det er mildt sagt tettpakka på denne vesle Joker-butikken i Sandnes.

– Når folk får melding om pakke må dei kome å hente han med ein gong!

Butikksjef på Joker Sandved, Tone Marie Hole, har dette som ei klar oppfordring til alle som ventar pakke før jul. Lageret er stappfullt av pakkar, og det er berre meir i vente.

– Me har ikkje plass, og får med det ikkje skanna alle dei nye pakkane som kjem inn, seier Hole.

Vekst på 60 prosent

Butikkar med post har verkeleg fått kjenne på den norske kjøpsfesten som kom etter korona.

Pandemien har ført til ekstra høgt volum av pakkar på postterminalane før jul.

Siri Tansø, terminalsjef Posten og Bring Stavanger/Sandnes

Siri Tansø, terminalsjef i Posten og Bring Stavanger/Sandnes, seier det har kome meir pakkar enn forventa.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Pakkar rett heim til forbrukar har hatt ein vekst på 60 prosent samanlikna med i fjor, seier Siri Tansø.

Ho er terminalsjef hos Posten og Bring i Stavanger og Sandnes. Med ny terminal og pakkemaskin på Ganddal er dei rigga for den enorme veksten som skuldast pandemien.

– Me tenkte det kom til å vere stor vekst, men det har kome meir enn forventa frå alle aldersgrupper, seier Tansø, som òg oppfordrar alle saman til å hente pakkane sine så fort dei kan.

2 millionar pakkar i veka

Pressesjef i Posten Noreg, Kenneth Tjønndal Pettersen, stadfester at det er rekordmange pakkar og ekstra høg trafikk i heile landet hos dei i år. Han peiker på den store auken i netthandelen som grunn til det.

– No er det om lag 2 millionar pakkar i veka, som er ganske mykje med tanke på at me er 5 millionar som bur i Noreg.

Anna Gisladottir, terminalarbeidar Posten Bring Stavanger/Sandnes

Terminalarbeidar Anna Gisladottir kan ikkje ta lange pausar før pakkane hopar seg opp.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Vanlegvis har Posten og Bring stor pågang på grunn av Black Friday, men i år har det vore ekstra mykje. Dei tilsette på terminalen må bruke mange av døgnets timar for å kome i mål. Ti dagar før julaftan er det nesten 30.000 pakkar på samlebanda på Ganddal.

– Det er heilt vilt her no, men veldig gøy! Me er veldig mange flinke som jobbar her, så det er ikkje noko problem å få jobben gjort, seier terminalarbeidar Anna Gisladottir.

Alt skal fram

– Ikkje alle får møte kvarandre denne jula, så ekstra mange treng nok dette i år. Det er me i Posten veldig glade for, seier Pettersen.

Pressesjef i Posten Norge, Kenneth Tjønndal Pettersen.

Pressesjef i Posten Noreg, Kenneth Tjønndal Pettersen, seier dei har god trening i å takle høgt pakkevolum etter Black Friday.

Foto: ROLF PETTER OLAISEN / NRK

På grunn av det høge pakkevolumet kan det bli nokre dagar forseinking, men om du sender innan fristen 16. desember skal alt kome fram til julaftan, ifølgje Posten. 600 ekstra tilsette, utvida opningstider på kundeservice, og 120 fleire utleveringsstader enn i fjor skal hjelpe med det.

– Me har aldri handtert så mange pakkar før, men posten skal fram, seier Pettersen og legg til:

– Nissen jobbar ein dag i året, men me jobbar kvar dag!