Snart får du ikkje kjøpt egga frå desse hønene

Norske eggprodusentar med burhøns må investere ein kvart milliard viss dei skal få selt egga sine framover. Nå kan fleire komme til å gje seg.

Kristin Spanne Fausk

Forbrukarane vil helst ha egg frå frittgåande høner, seier daglegvarekjedene. Om eit år er buregg ute frå sju av ti butikkar.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Vi har behov for at 120 produsentar går frå bur til frittgåande. Det vil koste om lag 240 millionar, to millionar kroner for kvar, seier direktør for egg i Nortura, Bjørn Tore Hansen.

Norske egg har framleis plomme, eggekvite og skal, men dette er omtrent det einaste som har stått stille dei siste åra. Sidan 2011 har store delar av den norske daglegvarebransjen bestemt seg for å kutte ut buregg.

Nå skal dei berre selje egg frå frittgåande høner.

– Dette er ein trend som har komme internasjonalt, og blir forsterka nasjonalt, seier Hansen.

– Inga framtid med egg for meg

I Noreg starta det i 2012, då Rema 1000 fjerna egg frå burhøns frå sine butikkar. I 2017 bestemte Norgesgruppen (blant andre Kiwi, Joker, Spar og Meny) og Bunnpris seg for det same.

Med andre ord: Buregg er borte frå sju av ti norske butikkar i løpet av 2019. Argumentet er at det er frittgåande egg forbrukarane helst vil ha.

Det er mellom 500 og 600 eggprodusentar i Noreg. 380 av dei leverer til Nortura. Ved inngangen til 2019 kjem det til å vere litt mindre enn 100 som framleis har bur. Om alle held fram med høner, er uklart.

Kristin Spanne Fausk

Kristin Spanne Fausk (36) har 7500 høner i bur. Hønsehuset hennar er bygd etter reglane som kom i 2012. Hå har framleis lån på hønsehuset. Difor har ho førebels ikkje råd til å bygge eit nytt hønsehus for frittgåande høns.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Ifølgje Norsk Fjørfelag, der mange eggprodusentar er medlemmar, er framleis fleire titals bønder i tenkjeboksen. Nokre av dei kan ende med å gje opp fordi dei ikkje har råd.

Kristin Spanne Fausk på Finnøy i Rogaland er ein av dei. Den 36 år gamle bonden har allereie fleire millionar kroner i lån på garden sin. Ho har ikkje råd til å investere endå to millionar.

– Slik det ser ut nå, er det inga framtid med egg for meg, seier ho.

I 2012 kom nye reglar for kva bur norske høner skulle bu i. Omlegginga kosta norske bønder opp mot 2 milliardar. For mange er desse investeringane framleis ikkje betalt ned.

Coop: – Ikkje fagleg grunnlag

Eggdirektør Hansen i Nortura vedgår at kostnaden kan vere for stor for somme.

– Fleire produsentar seier at dei gjorde store investeringar før 2012, og to millionar oppå det er krevjande. Men vi håpar at dei tar ein ny runde, for det vil vere med på å sikre den norske eggnæringa, seier han.

Knut Lutnæs

Knut Lutnæs, miljøsjef i Coop.

Foto: John Andreassen

Berre Coop, som ved sist årsskifte hadde ein tredel av daglegvarehandelen, skal framleis ha buregg i sine butikkar.

– Vår hovudstrategi for betre dyrevelferd for verpehøns er å auke andelen økologiske egg. Vi meiner det ikkje er fagleg grunnlag for utfasing av burhøns, seier miljøsjef Knut Lutnes.