Bustadprisane held fram med å stige unormalt mykje. Styrt av ei svært sterk utvikling på Austlandet, var prisane opp 0,8 prosent i juni etter sesongkorreksjonar. Størst oppgang hadde Oslo og Asker, med høvesvis 1,3 og 1,1 prosent. Utviklinga underbyggjer inntrykket av ei tredeling i bustadmarknaden, der Oslo og Austlandet gjer det betre enn
resten av landet som har ein relativt normal vekst. Unntaket i andre enden av skalaen er
Juni blei nok ein månad med sterk prisvekst i den norske bustadmarknaden. På dei siste ti åra er det berre i 2009 kor vi har hatt ein sterkare prisvekst på landsbasis i juni og første halvår.
–Bustadprisveksten er først og fremst driven av utviklinga i austlandsområdet, seier administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge.
Oppjusterer prognosen
Bustadprisane er no 7,3 prosent høgare enn for 12 månadar sidan, viser dei siste tala frå Eiendom Norge. Også på tolv månader er utviklinga sterkaste på Austlandet, først og fremst i Oslo og på Hamar, der prisane har stige med høvesvis 13,4 og 11,5 prosent.
Prisutviklinga i første halvår har vore sterkare enn meklarane venta ved inngangen til 2016. Eiendom Norge reviderer derfor sine prognosar opp frå 3 5 prosent prisstigning til 7–8 prosent for året i eitt samanlikna med 2015.
–Bustadprisveksten i Oslo og store delar av Austlandet viser få teikn til å bremse, og vil også prege bustadmarknaden utover hausten. Marknaden i Stavanger ser ut til å stabilisere seg med ein nedgang på berre 1,0 prosent samla i første halvår, seier Dreyer.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Få bustader til sals
Det tok i gjennomsnitt 30 dagar å selje ein bustad i juni i år, mot 29 dagar i juni 2015. Av dei største byane var det kortast salstid i Oslo og Fredrikstad der det i gjennomsnitt tok
høvesvis 13 og 16 dagar å selje ein bustad. Lengst tid tok det i Stavanger og Kristiansand med høvesvis 69 og 57 dagar.
– Det kan ikkje takast opp att ofte nok at tilstrekkeleg bustadbygging er prisdempa. Det er derfor essensielt at kommunane på Austlandet er bevisst rolla si i bustadmarknaden, og har effektive behandlingsprosessar og regulerer nok tomter til bustadprosjekt for bygging, seier Dreyer.