Hopp til innhold

– Et dekk som eksploderte kan være årsaken

Ein buss har velta på E39 i Bjerkreim. Sjåføren, som var åleine i bussen, melde sjølv frå til politiet om velten.

– Et dekk som eksploderte kan ha vært årsaken

Bussvelt ved Runaskaret

Bussen kjørte utfor E39 og veltet ved Runaskaret i Bjerkreim.

Foto: Ronny Hjertås

– Til alt hell var det berre ein person i bussen. Sjåføren er uskadd og melde sjølv frå til oss, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Kurt Løklingholm, til NRK.

Politiet melde om hendinga på Twitter om lag klokka 21.20 i kveld.

– Årsaka til velten kan vera at eit dekk eksploderte. Bussen har skjært over vegbana og i grøfta, seier Løklingholm.

Uhellet skjedde i området ved Runaskaret på E39 i Bjerkreim.

– Bussen er utanfor vegbana og trafikken i området går som normalt, seier Løklingholm.