NRK Meny
Normal

Bussjåfør blei vêrfast i storm – fekk ikkje løn

Transportselskapet Boreal nektar å betala ut løn til ein bussjåfør som blei sitjande vêrfast i Haugesund for to år sidan. Nå møtes partane i retten over 7000 kroner.

Mekjarvik ferjekai

FERJA GJEKK IKKJE: Bussjåføren skulle frå Bergen til Stavanger, men på grunn av uvêr gjekk ikkje ferja over Boknafjorden. (Bilete er frå Mekjarvik under stormen i desember 2013, heller ikkje då kunne ferja gå over Boknafjorden gå.)

Andreas Bo David Holmberg

VÊRFAST: Andreas Bo David Holmberg fekk ikkje løn for tida han var på hotell i Haugesund, sjølv om han var ute på jobboppdrag då han blei vêrfast.

Foto: Privat

Det var under den heftige januarstormen i 2014 at ferjesambandet over Boknafjorden i Rogaland måtte stenga ned. Dermed blei bussjåfør Andreas Bo David Holmberg, som var på veg frå Bergen til Stavanger, vêrfast i Haugesund i nesten to døgn på hotell.

– Det var litt leit å ikkje koma seg heim, for eg har jo eit privatliv å koma heim til, fortel Holmberg.

– Prinsipielt viktig sak

Etter hendinga kravde han betalt for den tida han venta på hotellet, fordi han var på vakt. Summen han kravde var rundt 7000 kroner, men hans dåverande arbeidsgjevar Boreal sa nei. I dag møtes dei to partane i retten.

– Det er synd å plaga rettsstellet med så små summar, men det er så mange prinsipielle sider ved denne saka at bedrifta ikkje kunne inngå forlik eller betala ut noko, seier Kate Hidle, som er advokat i NHO, ho representerer Boreal i saka.

Dei meiner at dei har Boreal ikkje var plikta til å betala ut løn til den vêrfaste sjåføren, og at dei har tariffavtalen i ryggen.

– Som vêrfast skal du berre ha betalt dersom du blir sett i arbeid, men det er ingen som får betalt når dei sit eller ligg og søv i vente på å koma seg heim, seier Hidle.

Meiner det er vanleg praksis å betala

Advokaten til Holmberg, Espen Larsen, er ikkje samd.

– Me vil gjennom vitne prøva å dokumentera at det har blitt betalt ut løn når tilsvarande situasjonar tidlegare har oppstått. Me meiner at praksisen er at det er vanleg å betala ut løn, seier Larsen.

Det er Stavanger tingrett som skal ta stilling til kven av partane som har rett i tolkinga av arbeidsmiljøloven. Dersom NHO får medhald, risikerer bussjåfør Holmberg å måtta betala over 150.000 kroner i sakskostnader.

– Det er ein sjanse eg tek, for eg meiner saka er viktig også for andre sjåførar. Dessutan har eg stor tru på at me vinn saka, seier Holmberg.

Køer i Arsvågen

Slik såg det ut på ferjekaien i Arsvågen då ferjene ikkje gjekk januar 2014.

Foto: Jan Kåre Ness