NRK Meny
Normal

Nektar å snakke med Mac og Safari

Dei nye nettsidene til kollektivselskapet Kolumbus, har innkøyringsproblem. Dei nektar fleire Mac-brukarar å kjøpe billettar på nett.

Skjermdump frå Kolumbus sine nettsider

Skjermdump frå Kolumbus sine nettsider

Foto: NRK

Det er kombinasjonen Mac-maskin og nettlesaren Safari, som er "uvenner" med det nye dataopplegget til kollektivselskapet Kolumbus i Rogaland.

LES OGSÅ: Norges første batteridrevne elbuss i rutetrafikk

– Alle andre løysingar fungerer greitt. Dei som ikkje lukkast med billettkjøp, kan enten bytta maskin eller laste ned ein annan nettlesar, seier Audun M. Solheim, som er strategi- og utviklingssjef i Kolumbus.

Audun M. Solheim, Strategi-og utviklingssjef i Kolumbus

Audun M. Solheim, Strategi- og utviklingssjef i Kolumbus.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Høgst på prioriteringslista

Solheim i Kolumbus har ikkje det eksakte talet på kor mange det er som ikkje har fått kjøpt billettar via nettet, etter at selskapet endra sine nettsider i starten på mai månad.

– Men det er ikkje veldig mange det dreier seg om, seier han.

LES OGSÅ: Billig kollektivtransport til Forus-ansatte

Målet med endringa er at brukarane skal sleppe unna med eitt brukarnamn og eitt passord til alle operasjonar på nettsidene til Kolumbus.

– Me har gitt beskjed til selskapet som leverer dei nye nettsidene at Mac-brukarar med Safari-nettlesar har høgste prioritet, fortel Solheim.

– Og når kjem de til å ha ordna opp i dette problemet?

– Det kan eg ikkje seie sikkert, men leverandøren jobbar på spreng, forsikrar strategi- og utviklingssjef Solheim.