Hopp til innhold

Buss-boom etter bomring: Over ein million fleire passasjerar

I året kor bomstasjonane blei sette opp i Rogaland, var det over ein million fleire passasjerar på bussane. – Mange føler dei blir tvinga, meiner bom-motstandar.

buss bogafjell

Då bomringen opna, kosta kollektivbillettane éi krone. Slik såg bussen i Sandnes ut.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det opplevast frustrerande. Politikarane har lagt føringar på korleis folk kan bevege seg. Mange føler at dei blir tvinga til å velje vekk bilen, seier Sigurd Sjursen.

Sigurd Sjursen

Sigurd Sjursen har ropt høgt om bomringane.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han har stått i front mot bomringen og rushtidsavgift gjennom aksjonsgruppa Bomfritt Jæren – nok er nok. Sjursen fortel at mange av medlemmane har blitt nøydde til å ta buss fordi bilen er blitt for dyr å bruke.

– Me har aldri vore imot at folk skal bruke det kollektive tilbodet. Men det føresett at ein har moglegheit, noko mange i Rogaland faktisk ikkje har. Enkelte bussar er overfulle, seier Sjursen.

Folk endrar reisevanar

Det var 1,3 millionar fleire som reiste med buss i Rogaland i 2018, samanlikna med året før.

Veksta kjem frå området Nord-Jæren kor bomringane er plasserte. Der er det no over 19,6 millionar passasjerar – ein auke på over sju prosent.

– Det er klart at veksta gjekk nokre ekstra hakk opp i oktober då rushtidsavgifta kom, seier direktør Odd Aksland i busselskapet Kolumbus.

Han forklarer at veksta var jamn også før oktober, og at tala stabiliserte seg ut året.

Men då bomringen opna, blei bussane proppfulle. Mange valde også sykkelsetet. Talet syklistar gjekk opp med 65 prosent i oktober.

Bomstasjon ved Kvadrat i Sandnes

Ein av dei nye bomstasjonane på Nord-Jæren.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Politisk resultat

Det har vore politisk einigheit om at bomringen skal sørge for betre miljø og nullvekst i trafikken. Fylkesordføraren er glad for dei gode busstala.

– Det er veldig kjekt å sjå denne positive utviklinga. Det tyder på at å prioritere og å leggje til rette for dette politisk har gitt resultat, seier fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KrF).

Ho trur at folk har fått eit meir bevisst forhold til å velje kollektivt framfor bilen. Tengesdal vedgår at mange kanskje har måtta setje seg på bussen på grunn av rushtidsavgifta.

– Me har ambisjonar om at veksta kan bli enno større. Men me kan ikkje ta for gitt at det held fram slik. Me må leggje til rette for gode ordningar også framover, seier ho.

Solveig Ege Tengesdal, fylkesordfører i Rogaland (KrF)

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal smiler over dei nye busstala.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK