Hopp til innhold

Burkini-krangel i Haugesund: – Blei sint då damene kjefta

Eldre kvinner på damebadinga i Haugesund liker ikkje at kvinner har byrja å bada i burkini.

Burkinien til ei av kvinnene som badar i Haugesund

Nimo Ismail syner fram burkinien ho brukar på damebadinga i Haraldshallen i Haugesund. Burkini er laga av same stoff som ei badedrakt, den dekker berre meir av huda.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Dei likar ikkje kleda våre, men i religionen min kan eg ikkje bruka vanleg badedrakt, derfor er dette viktig for meg, seier Nimo Ismail.

For eit par veker byrja ho å gå på damebadinga i Haraldshallen i Haugesund. Her går det fleire eldre damer, som har gått fast i fleire tiår. Dei hadde aldri sett ein burkini før Ismail og vennane hennar troppa opp i symjehallen.

Det enda med høglydt krangel mellom eldre badegjestar og dei muslimske kvinnene i burkini.

– Først blei eg sint

– Dei sa at det ikkje var rett at eg skulle ha på meg desse kleda, og at eg ikkje kunne koma på badinga med dei, seier Sahida Rasholi, ei av dei andre muslimske kvinnene. På grunn av dette har ho nå bytta ut burkinien med ei romsleg badedrakt.

Nimo Ismail og ei muslimsk veninne ønsker ikkje å kle seg annleis på grunn av kritikken frå dei eldre damene. Før ho går inn i garderoben syner ho fram den svarte, rosa og blå burkinien.

Først blei eg sint då damene kjefta på meg, men det går bra nå. Eg bryr meg ikkje. Dei fleste synst uansett at det går heilt fint, seier ho.

NRK har snakka med fleire av dei eldre kvinnene. Dei seier at dei muslimske kvinnene har tatt mykje positivt med seg til symjehallen, som til dømes stor badeglede. Likevel legg dei ikkje skjul på kva dei meiner om burkinien.

– Me fekk sjokk då me såg dette klesplagget første gong. Då visste me ikkje at det var lovleg. Nå må me jo berre bøya oss etter regelverket, men me synst ingenting om det, seier Astrid Spidsøe.

– Å koma med ei svær drakt som går frå heilt nede på beina og heilt til toppen, det synst me ingenting om, legg ho til.

Burkini var gjenstand for mykje debatt då den blei forboden i fleire franske byar i 2016. Eit forbod som av FN sin høgkommissær for menneskerettar blei stempla som krenkande. Forbodet blei oppheva i fransk domstol.

Haraldshallen i Haugesund

Haraldshallen i Haugesund har hatt damebading sidan 1969 ifølgje arbeidsleiar Sven Erik Indbjo.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Har ikkje tenkt å slutta

Arbeidsleiar i Haraldshallen, Sven Erik Indbjo, synst det er trist at konflikten har oppstått.

– For oss er alle badegjestane viktige, og dersom nokon har problem med kvarandre håper me at dei kjem til oss, så prøver me å finne utav det, seier han.

Det har også kome påstandar om at kvinnene i burkini ikkje dusja, men det avviser både badevakta og dei muslimske kvinnene.

– Det er lovleg å bruka burkini i Haraldshallen. Nokon av desse damene meiner likevel det er feil, fordi dei har lært at ein ikkje skal ha klede på seg når ein badar, seier Indbjo.

Daniella Øfelt er ei anna kvinne som går på badinga i Haugesund. Ho har ingen problem med at det er kvinner som brukar burkini i symjehallen, ho forstår likevel at det blir reaksjonar frå dei eldre.

– Dette er ein gjeng som har gått å bada veldig lenge. Dei har sine interne reglar, noko eg sjølv også har merka. Når det kjem noko nytt synst dei nok det er feil eller skummelt eller uvant.