Hopp til innhold

Bryne ute av cupen

Mjelde-effekten var ikkje nok. Eliteserielaget Tromsø blei for sterke.

Bryne FK
Foto: Gunnar Morsund / NRK

Rogalands siste håp om NM-medalje forsvant på Alfheim i dag, då Bryne tapte 0-2 mot Tromsø.

Mjelde-effekten kunne ikkje hjelpa Bryne til siger, tippeligalaget Tromsø blei eit par nummer for store for Bryne.

Det første målet skåra Tore Reginiussen etter 10 minutt. Midtstopparen heada ballen enkelt inn.

Sigurd Rushfeldt brukte også hovudet då han stanga inn 2-0 etter 27 minutt.

- Som lag var vi ikkje like gode som Tromsø, og vi var ikkje gode nok til å vinna, dessverre, seier Bryne-trenar Mons Ivar Mjelde.

Mjelde seier at han ikkje er skuffa over laget sitt.

- Det største problemet i dag er at Tromsø skårar tidleg. Når vi ligg under 2-0 når det har gått ein halvtime er det klart at det blir vanskeleg for oss, seier Mjelde.