NRK Meny
Normal

Bryne sikra plassen - flaks kan redda opprykksdraumen

Bryne sikra plassen i 1. divisjon med å slå topplaget Tromsø 2–1 måndag kveld. Samstundes utsette dei opprykksfeiringa til nordlendingane.

Anders Kristiansen

JUBLA FOR SIGER: Anders Kristiansen kunne strekka armane i vêret etter kampen mot Tromsø måndag kveld.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Med tre kampar att har Bryne 11 poeng ned til Alta på nedrykksplass. Dermed er dei sikra spel i 1. divisjon også i 2015.

Vegar Landro i duell med Tromsøs Magnus Andersen

ØYDELA OPPRYKKSFESTEN: Vegar Landro (med ryggen til) og resten av Bryne øydela opprykksfesten til Tromsø og sikra samstundes plassen i 1. divisjon.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Dei kom tidleg under 0–1 heime på Jæren då Zdeněk Ondrášek sende Tromsø i leiinga etter 19 minutt. Men berre tre minutt seinare ordna Jim Johansen balanse i rekneskapen. Bryne synte veldig godt angrepsspel, og Johansen putta ballen i mål.

Det resultatet stod seg til pause. 12 minutt etter kvilen sende Viljar Vevatne heimelaget i leiinga, med eit skot som sneik seg inn i nærmaste hjørne bak tromsøkeeper Benny Lekström, eit skot han kanskje burde ha redda.

Bryne heldt unna heilt til dommaren bles for siste gong tre minutt på overtid, og dermed kunne dei sleppa jubelen laus over å ha berga plassen i divisjonen.

Tromsø har på si side åtte poeng ned til Kristiansund, Ranheim, Fredrikstad og Bærum, som alle har 45 poeng. Dermed hadde nordlendingane sjansen til å sikra opprykket i kveld. Sjølv om dei tapte, skal det mykje til for at dei ikkje blir å sjå i tippeligaen neste år.

Andreas Ulland Andersen

HARD KAMP: Brynespelar Andreas Ulland Andersen kjempar om ballen mot Kent-Are Antonsen.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Med ein god avslutning på sesongen og ein god porsjon flaks kan Bryne klara kvalifiseringsplassen til tippeligaen. Då må minst eit av dei fire laga som no er på kvalifiseringsplassane gi frå seg minst tre poeng, og helst meir fordi målforskjellen til tre av fire lag er betre enn Bryne sin, samstundes som Bryne vinn sine tre siste kampar.

Bryne er også avhengige av at Mjøndalen, som er på plassen over Bryne med 44 poeng, ikkje tek full pott dei siste tre kampane.

Det blir nok for vanskeleg, men alt kan skje i fotball.