Når det regnar på Dortmund, dryp det også på Bryne FK og Molde.
Det er dei norske klubbane Haaland har spelt for. Dei får høvesvis 1,6 og 1 prosent av kjøpesummen. Dette er såkalla solidaritetsmidlar.
Overgangssummen er ikkje bekrefta, men ifølgje fleire aviser, deriblant Bild, blir Haaland seld til City for 75 millionar euro (750 millionar kroner) på grunn av ein avtalt klausul i kontrakten med Dortmund.
For moderklubben Bryne FK utgjer dette om lag tolv millionar kroner.
Å rusta opp Bryne stadion står høgt på lista over kva Haaland-pengane skal brukast til.
Foto: Mathias Oppedal / NRKEin sum som er langt frå ubetydeleg for ein klubb som er i sportsleg krise (null poeng etter seks kampar i 1. divisjon) og har eit stadionanlegg som kanskje har sett sine beste dagar.
Ein tredel av budsjettet
– For oss utgjer desse pengane om lag ein tredel av det totale budsjettet vårt, seier ein godt nøgd dagleg leiar Hans Øyvind Sagen i Bryne FK.
Han er ikkje i tvil om kva pengane i første omgang bør gå til.
– Me må oppgradera anlegget vårt, slik at det blir betre vilkår både for bredde- og elitefotballen, slår han fast.
Haaland-veggen i Bryne sentrum vitner om hvor stor Erling Braut Haaland er i hjembyen.
Foto: Mathias Oppedal / NRKHan trekk fram stadion generelt, ståtribunane spesielt og grasmatta, som noko av det han ønsker å få gjort noko med.
Eit synleg hol i fasaden på Bryne stadion.
Slik ser det ut under sitjetribunen på stadion.
Så fotballglede, dyrke talent og hauste mirakel står det på tavla utanfor Bryne stadion. Ein kan mildt sagt seia at dei har oppnådd denne visjonen i tilfelle Erling Braut Haaland.
Ei oppgradering av ståtribunen er noko av det Sagen vil bruka Haaland-pengane på.
VIP-tribunen på Bryne stadion var ein av dei første i landet, men han er nok ikkje lenger av dei mest imponerande.
Slutten for naturgras?
Det betyr at Haaland-pengane kan bety slutten for naturgraset på hovudbanen. Ei sak som vekker kjensler i klubben på Jæren, der bønder i årevis har lagt stoltheit i å få graset til å gro.
Sagen meiner det er viktigare omsyn å ta.
– Med ein grasbane som berre kan nyttast til A-laget går me glipp av mange verdifulle treningstimar for breiddefotballen, seier han.
Bryne FK er ein av klubbane som framleis har ein heimebane med ekte grønt gras. Men det kan det bli ein slutt på nå.
Foto: Mathias Oppedal / NRKVidare forklarer Sagen at klubben ønsker å investera pengane på ein måte som kan generera fleire Haaland-inntekter på sikt.
Vil ha opplevingssenter
– Ein ting me har snakka om er eit Haaland-opplevingssenter, forklarer han.
Korleis eit slikt senter skal vera kan han ikkje seia så mykje om ennå, men han minner om at Bryne er i ein ganske unik situasjon med å ha fostra opp ein så god spelar som Erling Braut Haaland.
I Bryne sentrum har det alt byrja å visa att at dette er heimstaden til den store fotballstjerna. Gatekunstnaren Pøbel er i gang med eit svært Haaland-kunstverk, og litt nord for sentrum er Kjetil Barane i gang med ein Haaland-statue.
Erling Braut Haaland i Bryne-drakt. Han spelte i klubben fram til 2017 då han gjekk til Molde.
Foto: Stig Norheim / PrivatSagen viser også til Haaland- «dryleveggen» som allereie er under oppføring, samt at klubben ønsker å satsa på andre Haaland-produkt.
Sjølv om A-laget til Bryne ligg på jumboplass på tabellen, avviser Sagen at Haaland-pengar skal gå til spelarkjøp.
– For oss er det viktig at dette går til langsiktige investeringar. Spelarkjøp ligg allereie inne i budsjettet, avsluttar Sagen.
Jærhallen, der Haaland spelte mykje i barndommen sin, er allereie under oppgradering. Her skal det også byggjast ein «drylevegg».
Foto: Mathias Oppedal / NRK