Hopp til innhold

Bryne-drap i retten i november

Drapet som skjedde på Bryne i oktober i fjor kjem først opp i retten 28. november i år. Det har Statsadvokaten bestemt. Sambuaren til den 33 år gamle kvinna, som blei funnen død utanfor leilegheita si på Bryne, sit framleis varetektsfengsla for grov kroppsskade med døden til følgje.